Bok-babyen vår kom tidlegare enn venta! Fem dagar før "termin" flaug Eventyrvotter ut frå trykkeriet, og vi i Vottelauget trippar no etter å få halde vedunderet i hendene. Difor er vi temmeleg misunnelege på alle dei i Facebook-gruppa vår som har vore så lure å førehandsbestille boka via ein nettbokhandel (som f. eks. Haugen Bok) og som i dag har fått Eventyrvotter rett i postkassa. Frå i morgon kjem vi til å presentere dei nye vottemønstera våre her på bloggen, éin etter éin. Først ut er Tori, med eit "bevinga" eventyr ... Så følg med!
Foto: Fram- og bakside av boka. Layout: Kitty Ensby/Aschehoug.
Ja, du har rett, Sylke! Å støtte bokhandelen og garnbutikken i nærmiljøet vil vi også gjerne vere med på. Vi i Vottelauget har vore i kontakt med lokale butikkar der vi bur (også Husfliden), og veit at fleire har bestilt boka vår.
PS: Vi planlegg også å arrangere strikkekveldar o.l. i lag med lokale garnbutikkar m.m. Så snart vi har konkrete datoar skal vi leggje ut info. både her på bloggen og på Facebook.
Så moro. Har bestilt boka hos den lokale bokhandleren, synes det er viktig å støtte opp lokalt :) Gleder meg til boka!
SvarSlettJa, du har rett, Sylke! Å støtte bokhandelen og garnbutikken i nærmiljøet vil vi også gjerne vere med på. Vi i Vottelauget har vore i kontakt med lokale butikkar der vi bur (også Husfliden), og veit at fleire har bestilt boka vår.
SlettPS: Vi planlegg også å arrangere strikkekveldar o.l. i lag med lokale garnbutikkar m.m. Så snart vi har konkrete datoar skal vi leggje ut info. både her på bloggen og på Facebook.
Slett