mandag 16. mars 2020

Vottelauget støttar Leger uten grenser

Vi er inne i koronaens tid, og sender ei varm takk til alle flittige hender og kloke hovud som no står på for å hjelpe sjuke, bidra med transport, reinhald, matlevering, beredskap, informasjon og mangt anna i det skjøre samfunnet vårt.
Fleire i Vottelauget arbeider i helsevesenet, og no har vi bestemt oss for at alt sal frå e-boka «Tusen og én skatt» frå i dag av skal gå direkte til organisasjonen Leger Uten Grenser. Som ein bonus har vi også lagt til ei heilt ny oppskrift i e-boka, nemleg Wenches optimistiske Mosaikksokker (lenke til Raverly) med utgangspunkt i Mosaikkvottene.



Strikking kan vere både til trøyst og glede for mange som er i heimekarantene – eller av andre grunnar ikkje kan vere aktive ute – og vi heiar på deg! Kanskje har du lyst til å dele tankar (og foto?) i Facebook-gruppa vår om kva strikking betyr for deg akkurat no?