onsdag 23. september 2020

Vottedagen nærmar seg: Oktoberfest 1.-14. oktober


Som vottevenn veit du kanskje at 14. oktober er sjølvaste Vottedagen? Har du ein primstav heime, vil du sjå at den første vinterdagen ofte er markert med ein innrissa  vott.

Heilt sidan vi i Vottelauget gav ut vår første e-bok i 2014 akkurat på denne datoen, har 14. oktober fått ein heidersplass i strikkehjartet vårt. Dei to siste åra har vi endåtil feira Vottedagen ved å invitere kjende og nye vottevenner til arrangement på Maihaugen i Lillehammer, men akkurat i dette korona-året har vi funne ut at ein nettbasert versjon er det tryggaste og beste.

Blir du med? Allereie 1. oktober startar vi oppvarminga med å lansere ei splitter ny votteoppskrift signert Judith Seland Nilsen. Deretter oppfordrar vi alle til å dele foto, tankar og spørsmål undervegs i strikkinga. Du kan velje både Facebook-gruppa vår – og Instagram, der med emneknaggen #oktobervott og #vottelauget

Kanskje litt pompøst av oss å kalle dette ein strikkefest, når alle sit kvar for seg med strikketøyet ...? Ja, men maske for maske, omgang for omgang,  er vel ein fest i seg sjølv når det er god flyt– og vi oppfordrar også alle til å heie på kvarandre! Kanskje er du med i ein fysisk strikkeklubb som har lyst til å varme opp til Vottedagen også? 

Finalen i denne uhøgtidelege oktober(strikke)festen er sjølvsagt onsdag 14. oktober, der alle som viser foto av sitt ferdigstrikka Oktobervott-par blir med i trekninga av fleire ulike premiar frå oss i Vottelauget.

Fleire detaljar kjem etterkvart, så følg med!