Vottelauget feirar det nye året med ny ebok!
lørdag 5. februar 2022
Februar: Alle monner drar!
lørdag 15. januar 2022
Vottemånaden januar
Januar er den store vottemånaden – også i gruppa "I make mittens" på Raverly. Vi tipsar gjerne om at både Tori alias @torirotdesign og Wenche alias @wroald i Vottelauget i heile januar tilbyr 22 % rabatt på eigenproduserte votteoppskrifter på Raverly (dvs ikkje Vottelaugets e-bøker o.l.). Koden er #NaKniMitMo2022
fredag 24. desember 2021
God strikkejul frå Vottelauget
Hugs at om du rekk å strikke ferdig eit par av årets julevott – som no altså har fått namnet Grepa julevott – før nyttårsaftan 31. desember (dvs ny og forlenga frist) og legg ut foto på Raverly, donerer Tori 10 kr per ferdige par til Røde Kors.
torsdag 23. desember 2021
Monster-jul
Vottane "Nøkken" kan strikkast for både små og store, og finst heilt ned til størrelse 2 år.
Og berre kjenn kor herleg det er å spreie prikkane (lusa) vilt omkring på kroppen til Nøkken, utan å måtte følgje eit strengt lusekofte-mønster.
I dette blogginnlegget (lenke) kan du sjå endå fleire variantar av vottane Nøkken, og lese om korleis Merete i Vottelauget skapte denne oppskrifta.
Nøkken blir også gjerne med på aketur, og toler nok det meste:
onsdag 22. desember 2021
Grepa julevott!
Etter ei runde med navneforslag og avstemning på Facebook er det foreløpige navnet på årets mysterievott endra til
Grepa julevott
tirsdag 21. desember 2021
Vintersolverv med Soria Moria vott
Den lengste natta i året er nettopp over, og 21. desember 2021 er den kortaste dagen, før lyset sakte med sikkert varer lenger, med start frå kl 16:59 norsk tid.
Og kanskje når vi fram til Soria Moria slott - og andre eventyrlege mål i 2022?
Har du ein primstav vil du sjå ei utskoren sol, markert på vintersida.
Her strålar vottane Soria Moria av Torirot mot oss, strikka av Judith i Vottelauget.
mandag 20. desember 2021
Din egen unike vott ...
... står det i introduksjonen til årets julemysterium. Her er mine, men det er, om ikke utallige, så i hvert fall veldig mange flere muligheter.
Når vi så skal kombinere høyre- og venstrevotter til et par, og har 12 mulige kombinasjoner for både venstre og høyre vott, da blir det 144 mulig vottepar.
Og diagrammene for venstre og høyre vott kan jo godt byttes om, og da blir tallet enda høyere. Og vi har ikke engang begynt å telle forskjellige fargekombinasjoner....
Hva er sjansen for at to strikkere lager to helt like par? Det overlater jeg til noen andre å finne ut...!