onsdag 22. april 2015

Ekstraprisar i påskevott-strikken!

Copyright, foto: Lone Arnsted
Eventyrblomster var strikkekjærlighet ved første blikk. Og blomster fra et eventyr er ganske fargerike i mitt hode... Takk for inspirasjon - dette er gøy!!! 

Dette skreiv Lone Arnsted undervegs i påskevottstrikk-konkurransen vår (på Facebook) - og gratulerer
Lone!  Takka vere ditt fargesterke bidrag, med heile åtte ulike nyansar i Finull, har vi i Vottelauget bestemt oss for at du får ein av dei fem ekstraprisane våre: nemleg Fargefrydprisen!

På bloggen til Lone kan du under "Got My Mittens out" lese meir om korleis desse eventyrlege vottane vart laga, og ikkje minst - trikset med å spyttspleise garnendar! Her kan du også nyte fleire foto, pluss lenke til prosjektet på Raverly.

Copyright, foto: Marit/elle-melle
Restegarnprisen: Ei anna som har boltra seg med garn og fargar er Marit. Ho kledde Soria Moria-vottane i ein vakker påskepalett med gult, grønt og lilla - under tittelen "Soria Moria again". 

Marit har nemleg strikka dette mønsteret frå e-bok 1 heile fire gonger! Og alltid med eit suverent blikk for stilige fargekombinasjonar. Sjå berre her på bloggen hennar, elle-melle.
Gratulerer med Restegarnprisen, Marit! 
Copyright, foto: Marit/elle-melle
Men strikketempoet til Sølvi Ekholdt Helgesen denne påska tok heilt pusten frå oss i Vottelauget: Ho strikka nemleg heile åtte par eventyrvottar i konkurransen vår! Og vi oppretta dermed sporenstreks Produktiv påske-prisen
Copyright, foto: Sølvi Ekholdt Helgesen
Det viser seg at det også ligg eit alvor bak moroa med å strikke vottar i påska. Her Sølvis eigne ord (på oppfordring frå oss) om grunnen til at ho er så produktiv med strikkepinnane:

Påsken 2012 så jeg et bilde av 5-6 hjemmestrikkede luer som skulle sendes til fattige i Ukraina her på FB Tenkte at dette var noe jeg ville være med på og kontaktet personen som hadde lagt ut bilde og dermed begynte snøballen å rulle...luer ,sokker votter ,skjerf +++ble strikket og det har jeg fortsatt med . Mine bidrag går til Stiftelsen KPK Ukraina som driver humanitært arbeid i Uzhgorod by og distriktet rundt ( vest Ukraina )
Gjennom stiftelsen har jeg fjernadobtert 3 av 7 søsken (sigøynerbarn).Ingen kan hjelpe alle men alle kan hjelpe litt. 21.mai reiser jeg for 3. gang til Ukraina heart emoticon heart emoticon
Hvis noen har interesse av å vite mer kan dere gå inne her http://www.kpk-ukraina.com/


Sølvi, Marit og Lone kan vente seg ei garnoverrasking frå Vottelauget i posten, så snart vi har fått adressene. Hurra til alle tre!

Men påskeegget er enno ikkje ferdig tømt! Vi avsluttar med  Påskeflaks-prisane: Mellom alle som har deltatt med bidrag i denne uhøgtidelege konkurransen, har vi hatt loddtrekning, og funne desse to vinnarane:
Copyright, foto: Ullugla

Ullugla, med bidraget "Nøkken - påskeutgaven" (lenke til Raverly) strikka i gult Finullgarn og sauesvart Norsk kunstvevgarn. Ein knallstilig vri på Nøkken-mønsteret frå e-bok 1 ! Er det påskeegg frå høner eller nøkkar som skjuler seg på handflatene, skal tru ...?


Hoppsideisi med bidraget Blåbærvotter på påsketur (lenke til Raverly). Slik elskar vi å sjå vottemønstera våre: Nemleg i bruk, både høgt og lågt, på fjellet (og i byen)! 

Gratulerer til både Ullugla og Hoppsideisi! Begge kan velje seg eitt strikkemønster på Raverly  (utanom e-bøkene), som er laga av ein av desse i Vottelauget: Torirot/Tori Seierstad, Pinneguri/Ann Myhre eller Knitnetty/Wenche Roald. Berre ta kontakt direkte via Raverly og sei kva for mønster du ynskjer deg som gåve frå vedkomande. 


Og til slutt: Hjarteleg takk og applaus til alle som deltok i påskevott-strikken! 
Har nokon spørsmål eller anna: bruk e-postadressa til Frida i Vottelauget: frida.fielding(krøllalfa)yahoo.com






tirsdag 21. april 2015

Vinnar 1 og 2 i påskevott-strikken!

Juryen i Vottelauget har no gått gjennom dei to typiske fasane for kvar gong vi arrangerer ein konkurranse: Først jubel og glede over alle dei fine og fantasifulle bidraga som kjem inn. Deretter lett fortviling fordi det i grunnen er umuleg å velje kva for vottar som kan kallast dei "beste" ...

Men vi innser at dette er eit luksusproblem, og no har vi altså endeleg bestemt oss for vinnar 1 og 2 i påskevott-strikken. Samtidig kan vi røpe at vi i morgon (onsdag) dryssar ut heile fem ekstraprisar her på fellesbloggen!


Kategori 1: Beste påskevott: 
Hurra for Sidsel Flock Bachmann og hennar "Hareflokken"-votter! 
Copyright på foto: Sidsel Bachmann (collage: Vottelauget)

Sidsel har tatt utgangspunkt i barnevottane "Haren og reven" frå e-bok nr 1, men her har altså (påske)harane jaga vekk revane, og dei fine fargeskifta i botnfargen er inspirerte av mønsteret "Bukkene Bruse" frå same e-bok. Legg også merke til den fleirfarga mansjetten (corrugated rib) som Sidsel valde istadenfor ein tradisjonell vrangbord. 


Her er Sidsels eigne ord om vottane på Raverly:
Hareflokken er endelig samlet igjen - nå er det bar asfalt, tøysko og vårfri som gjelder for arbeidssomme påskeharer. Den store egge-utdelingen i påsken er unnagjort for i år…
Tommelharen er det den ene datteren som har tegnet :)
Gult og orange er rester i Finull. Naturfagen er dobbel tynn Nøstebarn-ull. Sort (øye) er Finull og rosa (snute og inni øret) er Rauma Lammeull.

Kategori 2: Beste påsketur-vottefoto: 
Hurra til Tone Hognestad/trolltone
og hennar påskegule Blåbærskogen 
Copyright på foto: Tone Hognestad
Tone laga ein collage fylt av god påske- og vårstemning, der vi også får beundre dei fine vottane frå alle sider. Mønsteret "Blåbærskogen" er også frå e-bok 1,  men Tone har altså boltra seg med ein heilt annan bærfarge enn i originalen. Tone skreiv dette på Facebook (6. april): 

Påskevottene er ferdige! Mottakeren ble som dere ser fornøyd. 
Nå er vottene på vei med toget til Trondheim sammen med studenten.

Vi gratulerer både Sidsel og Tone! Premien til kvar av dei to er ein spesialsydd prosjektpose av Tori/Torirot i Vottelauget, med hemmelege saker oppi. 
Tori sender premieposane til Sidsel og Tone når ho har fått adressene. Her er Tori i vårsola,  med den ferskt monterte "Regnbuekofta", der mønsteret er henta frå Eventyrblomster-vottane hennar frå e-bok 1.


Og hugs: 
I morgon kunngjer vi altså dei fem ekstra-prisane her på bloggen! 

onsdag 15. april 2015

Vårfryd for påskevott-juryen

Påska er over, primstaven er snudd -  og vi har fått ein fargesprakande bukett i fanget i påskevottstrikk-konkurransen vår! 
1:9 PÅSKEBÆR (Blåbærskogen) og PÅSKELAUV (Eventyrlauv)

2:9 DYRISK PÅSKE (Bukkene Bruse - Grantreet (med harar), Geitekillingen, Nøkken 
- og Reveenka/Haren og reven)
3:9 PÅSKEBLOMSTER og PÅSKELADDAR
 (Eventyrblomster og Askeladden)
4:9 HEKSAS PÅSKEGODT (Heksas godterivotter)
5:9 SORIA MORIA og TORNEROSE 
6:9 (oppdatering): Nøkken og Bærvotter på påsketur
7:9 (oppdatering) Alvas Eventyrblomster
8:9: SØLVIS PRODUKTIVE PÅSKE: Åtte ulike vottepar!
9:9 (oppdatering) ... og Ulluglas Påskenøkken (Nøkken)
Fristen for deltaking gjekk ut i går, på den første sommardagen (14. april) - og vi i Vottelauget prøver no å få ei oversikt gjennom desse fem ulike "vottevegg-tavlene". Saknar du dine vottar her - sei ifrå!  (Copyright til foto: deltakarane)

Fram mot helga skal vi gå igjennom heile bunken, før vi kårar vinnarane. Vi har annonsert to premiar, for 1) beste påskevott og 2) for beste påskevott-foto ... men det kan godt hende at vi bestemmer oss å dele ut minst éi ekstra overrasking, sidan deltakinga har vore så stor! 

Torirot har laga desse to vårlege strikkeposane, som er fylte med overraskingar til kvar av dei to hovudvinnarane. Så berre følg med her på vottebloggen dei neste dagane!