onsdag 22. april 2015

Ekstraprisar i påskevott-strikken!

Copyright, foto: Lone Arnsted
Eventyrblomster var strikkekjærlighet ved første blikk. Og blomster fra et eventyr er ganske fargerike i mitt hode... Takk for inspirasjon - dette er gøy!!! 

Dette skreiv Lone Arnsted undervegs i påskevottstrikk-konkurransen vår (på Facebook) - og gratulerer
Lone!  Takka vere ditt fargesterke bidrag, med heile åtte ulike nyansar i Finull, har vi i Vottelauget bestemt oss for at du får ein av dei fem ekstraprisane våre: nemleg Fargefrydprisen!

På bloggen til Lone kan du under "Got My Mittens out" lese meir om korleis desse eventyrlege vottane vart laga, og ikkje minst - trikset med å spyttspleise garnendar! Her kan du også nyte fleire foto, pluss lenke til prosjektet på Raverly.

Copyright, foto: Marit/elle-melle
Restegarnprisen: Ei anna som har boltra seg med garn og fargar er Marit. Ho kledde Soria Moria-vottane i ein vakker påskepalett med gult, grønt og lilla - under tittelen "Soria Moria again". 

Marit har nemleg strikka dette mønsteret frå e-bok 1 heile fire gonger! Og alltid med eit suverent blikk for stilige fargekombinasjonar. Sjå berre her på bloggen hennar, elle-melle.
Gratulerer med Restegarnprisen, Marit! 
Copyright, foto: Marit/elle-melle
Men strikketempoet til Sølvi Ekholdt Helgesen denne påska tok heilt pusten frå oss i Vottelauget: Ho strikka nemleg heile åtte par eventyrvottar i konkurransen vår! Og vi oppretta dermed sporenstreks Produktiv påske-prisen
Copyright, foto: Sølvi Ekholdt Helgesen
Det viser seg at det også ligg eit alvor bak moroa med å strikke vottar i påska. Her Sølvis eigne ord (på oppfordring frå oss) om grunnen til at ho er så produktiv med strikkepinnane:

Påsken 2012 så jeg et bilde av 5-6 hjemmestrikkede luer som skulle sendes til fattige i Ukraina her på FB Tenkte at dette var noe jeg ville være med på og kontaktet personen som hadde lagt ut bilde og dermed begynte snøballen å rulle...luer ,sokker votter ,skjerf +++ble strikket og det har jeg fortsatt med . Mine bidrag går til Stiftelsen KPK Ukraina som driver humanitært arbeid i Uzhgorod by og distriktet rundt ( vest Ukraina )
Gjennom stiftelsen har jeg fjernadobtert 3 av 7 søsken (sigøynerbarn).Ingen kan hjelpe alle men alle kan hjelpe litt. 21.mai reiser jeg for 3. gang til Ukraina heart emoticon heart emoticon
Hvis noen har interesse av å vite mer kan dere gå inne her http://www.kpk-ukraina.com/


Sølvi, Marit og Lone kan vente seg ei garnoverrasking frå Vottelauget i posten, så snart vi har fått adressene. Hurra til alle tre!

Men påskeegget er enno ikkje ferdig tømt! Vi avsluttar med  Påskeflaks-prisane: Mellom alle som har deltatt med bidrag i denne uhøgtidelege konkurransen, har vi hatt loddtrekning, og funne desse to vinnarane:
Copyright, foto: Ullugla

Ullugla, med bidraget "Nøkken - påskeutgaven" (lenke til Raverly) strikka i gult Finullgarn og sauesvart Norsk kunstvevgarn. Ein knallstilig vri på Nøkken-mønsteret frå e-bok 1 ! Er det påskeegg frå høner eller nøkkar som skjuler seg på handflatene, skal tru ...?


Hoppsideisi med bidraget Blåbærvotter på påsketur (lenke til Raverly). Slik elskar vi å sjå vottemønstera våre: Nemleg i bruk, både høgt og lågt, på fjellet (og i byen)! 

Gratulerer til både Ullugla og Hoppsideisi! Begge kan velje seg eitt strikkemønster på Raverly  (utanom e-bøkene), som er laga av ein av desse i Vottelauget: Torirot/Tori Seierstad, Pinneguri/Ann Myhre eller Knitnetty/Wenche Roald. Berre ta kontakt direkte via Raverly og sei kva for mønster du ynskjer deg som gåve frå vedkomande. 


Og til slutt: Hjarteleg takk og applaus til alle som deltok i påskevott-strikken! 
Har nokon spørsmål eller anna: bruk e-postadressa til Frida i Vottelauget: frida.fielding(krøllalfa)yahoo.com






5 kommentarer:

  1. Åh så gøy!!! Tusen takk for fargefrydpris!!!

    SvarSlett
  2. Ååååååå så gøy :) Tusen takk til dere alle for Produktiv påske prisen :)

    SvarSlett
  3. Heldige meg for at mine votter ble trekt ut. Tusen takk fra hoppsideisi

    SvarSlett
  4. Tusen Takk med restegarnsprisen, Jeg ELSKER restegarn så det passer supert:)

    SvarSlett