torsdag 9. oktober 2014

Sommarstrikk på glas


Om få dagar kan eg og sju andre strikkedamer endeleg sleppe "barnet" vårt ut i verda: Nemleg e-boka Votter fra eventyrskogen!

Ideen om ei vottebok vart unnfanga i vinter, og då sommaren kom sette vi for alvor i gang:  Med å finpusse mønster, teststrikke for kvarandre - og diskutere. Etter kvart som eg strikka, putta eg trådrestane oppi det største Norgesglaset på kjøkkenbenken min. 
Og no kan eg verkeleg lese heile historia om strikkesommaren min, berre ved å sjå på på dette fargerike glaset!

Ikkje minst hugsar eg korleis det var å strikke herrevottar med Peer Gynt-garn ute i 30 graders varme ... I tillegg til å teststrikke dei stilige designa til Monstermønster (Merete), torirot (Tori) og Knitnetty (Wenche), laga eg også mitt eige mønster til e-boka.

Ideane strøymde på då eg sette meg i gyngestolen og gjenoppfriska gamle eventyr frå barndomen. Har du vore inne på Raverly, veit du allereie at eg landa på Reveenka, eit av favoritt-eventyra mine, ikkje minst takka vere den sjarmerande filmen til Ivo Caprino.

Vi i Vottelauget har valt ut 14. oktober, sjølvaste Vottedagen på primstaven, som lanseringsdag for e-boka. Då kjem vi også til å la det drysse med foto av alle sju mønstera. Men bittelitt meir kan eg vel røpe allereie no ...? Bak sylteglaset gøymer mine tre ulike Reveenka-vottar seg, og her er det noko både for små og store hender som ikkje vil fryse når dei er på tur ute i eventyrskogen ...


2 kommentarer:

  1. Så spennende:-) Gleder meg til å se boka:-)

    SvarSlett
  2. Takk skal du ha, Marianne! Vi i Vottelauget gler oss også!

    SvarSlett