søndag 23. november 2014

Tips: Ny sjanse til å vinne e-boka vår!

Stemmene i Stickpodden (copyright): Karin (til venstre) og Elin.
Våre to søte og strikkekyndige systrer i Sverige deler ut e-boka vår - til éin heldig vinnar.  Elin og Karin i Stickpodden spør om ditt beste tips til handlaga julegåver, med frist (på Raverly) 10. desember
Blir du med?

Stickpodden er som namnet seier ein podkast om strikking, som du kan lytte til via pc eller smarttelefon. Manglar du selskap i sofakroken, kan Elin og Karin vere redninga ein mørk vinterkveld.  Dei er to uredde og humørfylte damer, som pratar om det meste. 


I dette nyaste programmet (nr 46) er trøblete underliv, Halloweenkostyme - og mange inspirerande strikketips noko av innhaldet. Og ikkje minst tävling/konkurranse, der premien altså er e-boka Votter fra eventyrskogen!






1 kommentar:

  1. Så morsomt at du har lagt inn kommentar i min blogg. Votter blir skikkelig fine i mange farger��

    SvarSlett