fredag 12. mai 2017

Topplaust i raudt, kvitt og blått

Askeladdens 17. maivanter av Anne Skøyen (foto: Ann Myhre)
Festdagane i mai kan vere ei utfordring for oss som bur i retning Nordpolen. Vi vil vere ute og vifte med flagg, vinke til konfirmanten og fotografere lauvsprett og latter. Men sola har ein lei tendens til å gøyme seg akkurat når vi treng henne mest. 

Anne i Vottelauget har laga praktiske og dekorative torgvantar for slike dagar, og døypt dei Askeladdens 17. maivanter (lenke til bloggen As Almanakk). 

Kanskje du får lyst til å strikke i fargar som passar til antrekket ditt, om det er bunad eller grilldress? Del gjerne resultatet med oss i Facebook-gruppa Vottelauget og eventyrvottene. 

I blogg-innlegget "Kom mai du skjønne milde liksom" kan du få inspirasjon til andre topplause variantar av vottane våre. Og er du på Instagram kan du under knaggen #påskepuls2017 sjå kva kreative vottevenner klekte ut i april-konkurransen vi arrangerte. Lukke til med vårleg strikk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar