lørdag 2. mai 2020

Vårleg vottestrikk / Mittens in May

Vi kan takke pioneren Elizabeth Zimmermann for mykje: For den uredde humoren hennar, for smart strikke-matematikk med Elizabeth's Percentage System (EPS) og Pi-sjalet, for amerikanske strikkeshow i fjernsynets barndom – og for oppmuntre oss alle til å eksperimentere meir i staden for å slavisk følgje oppskrifter. For å nemne litt. 

No i korona-krisa har også fleire strikkarar i sosiale media delt det trøystande mottoet hennar: Knit on with confidence and hope through all crises.

Og vi i Vottelauget blir alltid varme om hjartet når vi blar i kalenderboka Knitter's Almanac (1974): For kva plagg har Zimmermann valt ut for månaden mai? Jau, vottar! Kanskje eit overraskande forslag når vårsola i bakkane blenkjer, men fullstendig logisk når Zimmermann guidar og lokkar oss gjennom "May: Mittens for next winter". Vi siterer: 

It is better not to make mittens in a hurry. When snow flies and small frozen hands beg for warmth (sob), the actual knitting tends to be perfunctory and possibly scamped (...).

Let's make them in May; let's take our time over them; let's venture into new approaches and designs: let's enjoy them.
(...) Large projects may lie heavy and warm on the lap, but small things like mittens and socks are easy to carry outdoors, and can be made surprisingly fast. Stash them away as they are finished, and when the time comes, next winter, you can deal them out with a liberal hand. 
Ny oppskrift mai 2020: Tulipanvotten av Judith Seland Nilsen
Javisst vil vi strikke vottar i mai! Judith byr på ein nyplukka bukett med Tulipanvotten, som nettopp er lagt ut på Raverly. Og ho har også tips om andre vårlege vottar signert medlemmer av Vottelauget: 
Så velkommen til vårleg vottestrikk! Del gjerne foto f. eks. på Instagram med emneknaggane #vårligevotter og #mittensinmay – og få også inspirasjon i gruppa Vottelauget og eventyrvottene (som no har rundt 5100 følgarar) på Facebook.


PS: Har du lyst til å vite meir om Elizabeth Zimmermann (1910 - 1999) kan du sjå og høyre dottera Meg Swansen, som også er strikkedesignar, fortelje i den utmerkte podcasten Fruity Knitting i episode 57 (om Zimmermann frå ca. 21:00):

1 kommentar: