mandag 12. oktober 2020

Gåvedryss på Vottedagen


Hurra! Vi er klare til å snu primstaven til vintersida, og feire Vottedagen onsdag 14. oktober. Har du lyst til å delta med eigne vottefoto? 

Vottelauget har nemleg fylt eventyrskrinet med diverse gåver, og allereie no kan vi røpe litt. Mellom anna at fleire av dei er mjuke og ulne ... 

Eitt eksemplar av Vottelaugets spesiallaga Vottenett frå 2016 (sjå fotoet) – som eigentleg er utseld – er også fiska fram frå skrinet.  



Vi har laga tre ulike gåve-kategoriar, og vi håpar at du som strikkande (og/eller fotograferande) vottevenn finn minst éin kategori som passar for deg:

KATEGORI 1: FERDIGSTRIKKA OKTOBERVOTT-PAR: 

1. oktober lanserte vi Judiths Oktobervott på Raverly, og i skrivande stund har minst 100 personar kjøpt denne oppskrifta. (Inntektene t.o.m. Vottedagen går direkte til Røde Kors.) Rekk du å strikke ferdig eit Oktobervott-par før kl 20 på Vottedagen 14. oktober og legg fotoet inn i den spesiallaga foto-mappa i Facebook-gruppa vår, "Vottelauget og eventyrvottene" (lenke) er du med i trekninga av to ulike gåvepakkar.  

KATEGORI 2: FOTO AV EVENTYRVOTTAR

I 2015 gav vi ut boka "Eventyrvotter" på Aschehoug Forlag. Om du – på Instagram eller i Facebook-gruppa vår – på Vottedagen før kl 20 postar eit eige foto av ein eller fleire vottar som er strikka med utgangspunkt i oppskriftene frå "Eventyrvotter", er du med i trekninga av to ulike premier. Emneknaggane du må bruke for at vi finn fotoet, er desse to:  #vottedagen2020 #eventyrvotter 

Skriv også gjerne namnet på sjølve oppskrifta, f eks #askeladden

KATEGORI 3: VOTTE-SJARMØR: Her kan du fritt sjarmere oss, så lenge det er ein (eller fleire) heimelaga vott(ar) med på fotoet som du postar Instagram på sjølve Vottedagen før kl 20. (Facebook-gruppa vår derimot er berre for foto med utgangspunkt i Vottelaugets oppskrifter.) 

Fotoet på Instagram treng altså ikkje ha noko med Vottelaugets oppskrifter å gjere – sjølv om det heller ikkje skader. Vi har laga endå fleire votteoppskrifter enn dei som er publisert i Eventyrvotter-boka, så sjølvsagt blir vi også sjarmerte om vi ser foto av desse. 

Men alle slags heimelaga vottar er velkomne – og ver gjerne oppfinnsam og overraskande når du fotograferer. Vis gjerne vottar i aktiv bruk!  Kanskje har du gamle vottar som du har arva, kanskje er dei lappa, ja kanskje reparert igjen og igjen? Og har du ei historie som høyrer til, del gjerne den også. Foto og tekst i Vottesjarmør-kategorien kan du poste på Instagram med emneknaggane #vottesjarmør og #vottedagen2020

PS: Eit par praktiske foto-tips til slutt: Foto blir ofte betre om du tar dei utandørs/i naturleg lys, slik at du ikkje må bruke blitz.  Og prøv fleire gonger slik at du er sikker på å få eit skarpt foto. Det er så kjekt å kunne beundre dei fine detaljane!

Gratulerer med Vottedagen 14. oktober!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar