torsdag 1. oktober 2026

Oktober: Vi strikkar Vottevotter!


What? Ein Vottevott ...? Ja! Utfordringa vår for oktober er å strikke oppskrifta Vottevotter (alias Mittenmittens) av Wenche Roald. 

For oktober er månaden med feiringa av sjølvaste Vottedagen 14. oktober, difor dryssar vi også ut nokre premiar:

Alle som er med på strikke-utfordringa, og viser fram foto av ferdige eller uferdige Vottevotter seinast når Vottedagen onsdag 14. oktober er over ved midnatt, kan vere med i trekninga av ein mini-primstav for vinterhalvåret. 

Denne dekorative brosjen på rundt 12 centimeter kan f. eks. pryde ein strikkebag – eller kanskje veggen heime? 

Som de ser på fotoet, startar vintersida med ein vakker vott, som markerer den første vinterdagen 14. oktober. 

Og når månaden oktober er over, blir det ei ny trekning, då med ei førebels hemmeleg gåve som premie.

Vottevotter er ein klassikar frå 2015, og om du ikkje har oppskrifta frå før, kan den kjøpast via Raverly – her er lenke til prosjekt-sida for Vottevotter der. I heile oktober er det 25 % rabatt på oppskrifta! 

Foto: Wenche Roald alias Knitnetty
Fotoa kan visast fram i Facebook-gruppa Vottelauget og eventyrvottene, og/eller på Instagram med emneknaggen #vottevotter2026 

Merk: Premiane er ikkje sponsa av nokon, men betalt av oss i Vottelauget. Det er Patricia Anne (tidlegare Knitography Farm) som har laga den stilige mini-primstaven.

Foto: Møyfrid Engeset alias Silkesauen


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar