Viser innlegg med etiketten soria moria slott. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten soria moria slott. Vis alle innlegg

tirsdag 14. oktober 2014

Den eventyrlege votteboka er her!

Sju eventyrlege vottemønster, her dandert av torirot/Tori Seierstad
(foto: Pinneguri/Ann Myhre)
I dag opnar vi endeleg eventyrboka vår, fylt med sju heilt ferske strikkeoppskrifter! Vi i Vottelauget har lenge gledd til å kunne vise fram mønstera våre, alle inspirerte av eventyr og forteljingar vi kjenner frå barndommen.
Bukkene Bruse. Design: knitnetty/Wenche Roald.
(foto: Ann Myhre på Maihaugen)
Lanseringsdatoen for e-boka "Votter fra eventyrskogen" er ikkje tilfeldig valt: I følgje gammal tradisjon er 14. oktober nemleg den første vinterdagen, og primstaven skal bli snudd frå sommarsida til vintersida. Og kva ser du som første symbol? Jau, ein vott! 

På denne Vottedagen legg vi altså e-boka vår ut til sals via Raverly. Planen er også å kome med ei engelsk utgåve, om nokre få veker. 
Soria Moria (til venstre) og Tornerose (til høgre).
Design: torirot/Tori Seierstad

Vi som står bak, altså Vottelauget, er åtte norske bloggarar som har brukt både vinteren, våren og sommaren til å skape nye vottemønster. 



Ikkje minst har vi også hjelpt kvarandre med teststrikking, heia-rop, korrekturlesing, diagram-mekking, fotografering og e-bokdesign.
Nøkken. Design: Monstermønster/Merete Jansvik Toft
(foto: Tori Seierstad)
Planen vår er at dette kan vere starten på ein serie med små e-bøker, men først må vi sjå korleis de der ute tar imot dei eventyrlege vottane våre. Kom gjerne med innspel, spørsmål og respons!
Blåbærskogen. Design: knitnetty/Wenche Roald
(foto av Tori og Møyfrid: Ann Myhre)
Reveenka. Design: Silkesauen/Møyfrid (Frida) Engeset
Kvar dag framover skal vi la deg bli betre kjend med dei sju ulike vottemønstera her på bloggen,  med éitt mønster per dag, presentert av den enkelte designar. Då får du også endå fleire foto, endå fleire detaljar - og undervegs vil det også dukke opp konkurransar, garnpremiar og anna moro!


Eventyrblomster. Design: torirot/Tori Seierstad
(foto: Ann Myhre)
Fleire foto og meir informasjon finn du også på Raverlyder e-boka vår er til sals frå i dag.

Spent strikkehelsing frå oss åtte i Vottelauget 

PS: Her på fellesbloggen vår i morgon (15. oktober) lar Monstermønster/Merete deg bli endå betre kjend med Nøkken!

038

Vart du skræmt no ...??? Nei, vi håpar at du tvertimot er blitt inspirert - til å strikke vottar, så klart!
(Nøkken. Design og foto: Monstermønster/Merete Jansvik Toft)