lørdag 15. november 2014

Vinnaren av handlag-prisen er ...

Foto: Grete S./spona (collage ved Frida)
Grete S. for "Skogsbærhøst". Gratulerer!

Også i denne kategorien hadde juryen i Vottelauget ei vanskeleg oppgåve, fordi det kom inn så mange gode kandidatar.

Men vottane til Grete S. viste handlag i dobbel forstand: Ho har ikkje berre strikka desse vakre vottane - ho har også spunne garnet sjølv! Og ulla er handfarga av ein annan ivrig spinnar: Tante Ull/Marianne. Dette er unike vottar, utan tvil! Og sjå på det fascinerande fargespelet! 

Dette er Gretes eigne ord om vottane og prosessen.:

Foto: Grete/spona
Skogsbær, bærsymfoni, bare bær (men ikke bare blåbær), høstlyng (men ikke rød), Skogsbærhøst! 

Garnet er håndspunnet falkland (natur) og polwarth (farget av Marianne - Tante ull). Det er delvis spunnet på Bosworth håndtein, kjedetvunnet med ply-on-the-fly-teknikk. Resten er spunnet på rokken, alt farga er kjedetvunnet. Jeg har delt opp den farga fletta, så det ble 3 ulike “fargegradienter” til de ulike kontrastfargene.


Du finn også meir info. om Skogsbærhøst på prosjektsida til spona/Grete på Raverly

Premien til Grete S. er:
Ein garnpakke frå Sjølingstad Uldvarefabrik  - og eit valfritt mønster frå knitnetty/Wenche Roald (lenke til Raverly). Hurra!

Det var på Sjølingstad vi i Vottelauget møttest for første gong in real life, alle åtte samtidig, så denne staden har ein spesiell plass i hjartet vårt. 

Og hugs: I morgon (søndag) presenterer vi ekstra-prisane i denne eventyrlege vottekonkurransen, så følg med!
Originalen som inspirerte Grete S:
mønsteret Blåbærskogen av knitnetty/Wenche Roald 

(foto: Pinneguri/Ann Myhre)

5 kommentarer:

  1. Gratulerer til Grete S. nydelige farger :)

    SvarSlett
  2. Jippi! Tusen takk for flott premie og inspirerende konkurranse. Gleder meg til å prøve garn fra Sjølingstad.

    SvarSlett
  3. Flotte votter! Gratulerer, Grete!

    SvarSlett
  4. Juhuu, Grete, du vann! Så tøft, til lukke! Kjempefine vottar, og at du er ein framifrå handverkar med godt handlag, DET har eg aldri vore i tvil om ;-)

    SvarSlett