Foto/copyright: Kathrin Storheil (montasje: M. Engeset). |
Kathrin Storheil starta med å leggje ut eit undervegs-foto (til venstre) seint ein måndagskveld, då følgde ho nemleg valvaka på tv. Og ikkje lenge etter dukka det ferdige votteparet opp: Nattergalen i delikate, avdempa fargar i garnet Drops Karisma. Gratulerer, Kathrin, du vart uttrekt som vinnar mellom alle bidraga som kom inn på Facebook. Den spesiallaga strikkeposen vår er snart undervegs til deg, med nokre mjuke overraskingar oppi.
Foto/copyright: Mari Stormo (montasje: M. Engeset) |
Gratulerer Mari, du får snart premien i posten, nemleg eit strikkepinneetui - med vottemotiv (så klart!).
Foto/copyright: Turid Engløkk (montasje: M. Engeset) |
Vel, no har vi vinka farvel til september, og seier hallo til oktober, med #votteflora. For no blir det nye vinnar-sjansar! Denne månaden vil vi altså inspirere til frodige vottefoto på Instagram. Ta gjerne med deg dei ferdigstrikka fuglevottane frå september, eller anna og nytt strikk frå boka vår, og ta ein tur utandørs på jakt etter fotomotiv.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar