mandag 11. april 2016

Korga full av #eventyregg

Mars vart ein eggande månad! Foto av ferdigstrikka #eventyregg kom trillande inn, både på e-post, på Instagram og i Facebook-gruppa vår.

Det vart vanskeleg å bestemme seg for berre éin vinnar, så vi trekte ut tre ulike bidrag som får premie.


Først gratulerer vi signaturen adelheidh, for denne vakre og vårlege "godte-skåla" på Instagram. Ho får ei garn-overrasking frå Judith, som nettopp har vore på reise i Litauen.

















Neste vinnar er Aase Lindholm, som vi inviterer opp på det flygande teppet! Aase får nemleg eit eksemplar av den nye e-boka vår Tusen og én skatt, som takk for hennar fine og "bevinga" samling av eventyregg. Legg merke til den praktiske og dekorative hempa på fleire av eggevarmarane! 

Strikkekorga sender vi til Danmark, som takk til Marianne Bornebusch for denne fargesterke samlinga, med motiv frå mange av oppskriftene våre.
Gratulerer til alle tre!
Vinnar av strikkekorga: Marianne Bornebusch
Som så ofte før skulle vi gjerne ha gitt premie til absolutt alle som har bidratt, men vi seier i alle fall hjarteleg takk for innsatsen - og for inspirasjonen! Sjå berre her:

Samlinga til Eva-Lotta Staffas frå Sverige er eit eventyr i seg sjølv. Dette fotoet kan ein sjå lenge på utan å bli mett! I etterkant laga Eva-Lotta endåtil ei eiga (gratis) oppskrift på eggvarmarar, med det vakre Öland-mønsteret "Blomma och väderkvarn" som motiv. 


Aashild Leithe Hetland lurer vi på om har rekorden i talet på bidrag, med ti ulike eventyregg? Her ser vi både revar og bjørnar frå vottemønsteret Reveenka, og blomster frå både Tornerose og Eventyrblomster. 



Caroline Murstad laga kreative påskegåver av fleire eventyregg, og var også éi av dei kjappe som brukte mønster frå den nyaste e-boka vår, nemleg kornblomst-motivet frå vottane "Kalifens hage" (øvst til høgre).
Vi avsluttar denne foto-kavalkaden (der ikkje alle bidraga er med) utandørs. For ta gjerne strikk og kamera med ut i vårlyset, folkens! Helene Aarem har brukt motiv frå heile tre ulike oppskrifter i dette "kinderegget": Babyvottane Tommelise som basis, fuglen frå Tre nøtter til Askepott og hjartet frå Eventyrlauv.  


Og vi i Vottelauget seier igjen: 
hjarteleg takk for alle som var med på #eventyregg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar