Viser innlegg med etiketten arrangement. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten arrangement. Vis alle innlegg

onsdag 17. august 2016

Vottelauget på reisefot

Fire av åtte i Vottelauget, alle i sjølvstrikka utgåve av genseren "Next year in Lerwick",
designa av Tori Seierstad. Frå venstre: Ann, Wenche, Anne og Tori.
(Foto: Hedvig Løken)
Farvel sommar, hallo strikketreff! Vi i Vottelauget strikkar så klart heile året, men når hausten nærmar seg kriblar det ekstra mykje i fingrane. Og vi legg også ut på reise både i inn- og utland. Kanskje vi møter deg undervegs?

Laurdag 20. august) er tre av oss på Strikketreff på Lillehammer, der det skal vere strikkekino, utstilling og garnsal m.m. 

Onsdag 7. september vil Ann alias Pinneguri halde kurset "Forkorta rader" (short rows) hos Fru Kvist i Oslo.  Like etter reiser Merete til Helgelandskysten på Lurøy strikkefestival 9.-11. september, både for å vise fram vespejakka si, og for å vere strikkekåsør. 


Ikkje berre vottar:  Merete tar med seg "Vespejakka" si til Strikkefestivalen  på Lurøy.
(Foto: Ann Myhre)
 Å strikke tomlar på vottar er bøygen for mange. Den som reiser til Lerwick får hjelp! Under Shetland Wool Week stiller Tori opp med kurset "Knitting the thumb gusset" 28. september. 

Judith er organisator for Strikkedager på Sjølingstad ved Mandal 30. september og 1. oktober, og hit kjem både Cecilie og Ann også.  Det var her Vottelauget lanserte den første e-boka med votteoppskrifter for to år sidan. Og akkurat eitt år seinare kunne vi ta med boka "Eventyrvotter" dit.  

Dette er eit lite innblikk i strikkekalenderen vår for august og september. Hugs at du også kan møte oss virtuelt i den fine Facebook-gruppa Vottelauget og eventyrvottene. God strikkehaust!
(Foto og design: Tori Seierstad)

onsdag 11. november 2015

Gullfuglen ute på vift

Foto frå catwalken: Anne Sofie Fodstad
Gullfugl-vottane frå boka vår har fått bruse med fjøra i det siste: 

På handarbeidstreffet til bladet Familien og Tusen ideer i Oslo fekk Gullfuglen vere ein del av opningsantrekket i visninga til Makeløs/Kristin Elise Halkjelsvik - saman med ein perfekt matchande genser frå 50-talet. 

Les og sjå meir i bloggen til Møyfrid, dvs hos Silkesauen, der du også kan vinne originalgarnet til Gullfuglen (med frist 14. november). 

mandag 16. februar 2015

Bukkene Bruse på vei til seters, nei, på kafe!


Bukkene Bruse på strikkekafe!




Torsdag 19. februar arrangeres igjen strikkekafe 
på Lillehammers fineste chocolaterie, 
Atelier Kakao i gågata. 


Vi starter kl 17, og holder på utover så lenge det er folk 
(innen rimelighetens grenser). 
Det blir trekning av den første votteboka, 
med en garnpakke til Bukkene Bruse-vottene. 


Hjertelig velkommen! 

torsdag 23. oktober 2014

Vottekveld - og nye vinnarsjansar

Pinneguri/Ann Myhre tar med seg nokre av dei eventyrlege vottane våre til Bondeheimen i Oslo, torsdag 30. oktober!
(foto: Frida Engeset)

Har du enno ikkje sikra deg e-boka vår? Og vil du heller ha leik og spenning i kvardagen, istadenfor sakleg netthandel? Då kan vi tipse om at det stadig dukkar opp nye sjansar til å vinne både e-boka, og også garnpakkar som passar til vottestrikk. Nokre trekningar er allereie historie, men vi og andre bloggarar har fleire overraskingar på lur, så berre følg med!

Torsdag 30. oktober kan du også få sjå og klappe på nokre av vottane, om du er i Oslo: Ann Myhre/Pinneguri i Vottelauget stiller opp og fortel om e-boka vår  (og har med seg gåver til utlodding) - hos Oslo fylkeshusflidslag, på Bondeheimen kl. 19.00  Les meir om dette på bloggen hos Ann: Nysgjerrig på Votteboka?

Dessutan tipsar vi om desse trekningane på nett 
(oppdatert 24. oktober):

Fredag 30. oktober er fristen på bloggen til Merete, altså Monstermønster.  Kommenterer du der, kan du vinne e-boka og garnpakke frå Sjølingstad Uldvarefabrikk!

Laurdag 1. november er fristen hos Frk Badegakk, for å vinne e-boka, om du svarar på spørsmålet hennar inne på Raverlygruppa  "A wee bit knitty".


avslutta trekningar:
Torsdag 23. oktober (i dag) har Tante Ull/Marianne trekning av e-boka på podcasten. avslutta

Fredag 24. oktober kl 18 er fristen for å vinne garnpakke til vottestrikk hos Torirot. avslutta



Har vi oversett noko? Tips oss gjerne!
"Eventyrblomster" av Torirot/Tori Seierstad