torsdag 19. mars 2015

#påskevottestrikk


Dette er premiene, to små prosjektbager, passende til vottestrikk, der innholdet er en overraskelse. 
Alt du trenger å vite for å delta finner du på i forrige innlegg.
Delta gjerne på Facebook også, #påskevottestrikk.




søndag 15. mars 2015

Invitasjon til påskevott-strikk!

Har du planane klare for påska? Blir det topptur, urban jungel eller kanskje lange dagar inne?

Uansett kvar du er, håpar vi at du tar med deg pinnar og litt garn, og blir med på vår uhøgtidelege påskestrikk-konkurranse! 

Det einaste vilkåret er at vottane dine må ha éi eller fleire av oppskriftene i dei to Eventyrskog-e-bøkene våre som utgangspunkt. 

I tillegg kan fargar og stil gjerne vere inspirert av påskehøgtida. Ikkje ver redd for å lage din eigen, personlege vri på mønstera våre! Knallgule vottar er sjølvsagt hjarteleg velkomne, men kanskje er heller påska grøn for deg? Eller ein heilt annan farge?   

Fristen for innsending av foto til sjølve konkurransen er 14. april, 
altså rett etter påske. Vi deler ut to ulike premiar: 

1) Premie for beste påskevott 2) Premie for beste foto under tittelen "Vott på påsketur". I kategori 2. kan du også gjerne vise fram Eventyrskog-vottar som allereie er strikka, så lenge dei er med på påsketuren din. Kva dei to premiane er, blir ei overrasking!

Kva gjer du for å delta med vottane dine i konkurransen?  Jau, du leggje inn ein kommentar her, under dette innlegget, med (kalle)namn og informasjon om kvar vi finn fotoet ditt med ferdigstrikka vottar: 

Du kan f. eks leggje inn ei lenke til din eigen blogg, Raverly, Facebook eller Instagram. Vil du heller sende inn fotoet direkte på e-post til oss, kan du skrive dette i kommentaren din, og sende fotoet til Frida i Vottelauget, dvs frida.fielding(alfakrøll)yahoo.com

PS: Undervegs i strikkinga kan du gjerne vise fram foto i Facebook-gruppa til Tori i Vottelauget, altså på torirot design. Men for å formelt vere med i sjølve konkurransen, må du altså i tillegg leggje inn ein kommentar under dette innlegget.


God vottestrikk-påske!