lørdag 11. januar 2020

Sinbad sjøfarer i vinterland

Sareptas krukke er no fylt til randa: Sinbad sjøfarervotter og sjøfarerhals er oppskrifta som avrundar Vottelaugets nyaste e-bok.
Sinbad sjøfarer er lokka i land av Torirot, og er enkle, varme vottar i «sildebeinsvrangbord». I oppskrifta kan du velje mellom to forskjellige masketal, så ved å variere garntjukkelse kan du få vottar til både store og små. Det er ikkje skilnad på høgre og venstre vott, så dei kan brukast om kvarandre. Til slutt i oppskrifta finner du også ein babyvott-versjon. God strikketur – og godt nytt år!


Sinbad sjøfarervotter er gått i land for å varme store og små. (foto: Tori Seierstad)


tirsdag 7. januar 2020

Julemysteriet er oppklart!

Vottelaugets julemysterium anno 2019 er oppklart! Torirot alias Tori Seierstad la ut bit for bit av "Kul jul"-oppskrifta i løpet av adventstida, og etter ein feststemt rysjekant og (jule)korgfletta mansjett dukka dei kule julekulene opp på sjølve vottane. 

Hjarteleg takk til alle som tok pinnane fatt og var med på samstrikken! Nokre tok også utfordringa om å dikte eigne julekule-motiv ved hjelp av rutediagrammet som var lagt ved. Og kanskje hamna også ein del av Kul jul-vottane under juletreet? 

No finst alle åtte nøklene samla som éi oppskrift på Raverly, slik at det er muleg å lage nye og julekule vottar året rundt! Der kan du også beundre ein del av vottane, og endå fleire finn du på Facebook-sida vår og på Instagram under #kuljulmkal