WHAT? Ein Vottevott ...? Ja! Utfordringa vår for oktober er å strikke oppskrifta Vottevotter (alias Mittenmittens) av Wenche Roald.
Oktober er nemleg månaden med sjølvaste Vottedagen 14. oktober midt i, difor dryssar vi også ut nokre premiar:
Mini-primstav som premie
Som de ser på fotoet, startar vintersida på primstaven med ein vakker vott, som markerer den første vinterdagen 14. oktober.
Alle som er med på denne strikke-utfordringa, og viser fram foto av ferdige eller uferdige Vottevotter seinast når Vottedagen onsdag 14. oktober er over ved midnatt, kan vere med i trekninga av ein mini-primstav for vinterhalvåret.
Denne dekorative brosjen på rundt 12 centimeter kan f. eks. pryde ein strikkebag – eller kanskje veggen din heime?
Oppdatert 15. oktober: Gratulerer til vinnaren Åsne-Marit for ditt stilige vottepar i sopp- og plantefarga garn! Foto-collagen med alle bidraga for denne første trekninga er publisert i Facebook-gruppa vår "Vottelauget og eventyrvottene"-
Ekstra trekning 1. november
Og når månaden oktober er over, blir det ei ny trekning, då med ei førebels hemmeleg gåve som premie. Alle som deler eit foto av eigne, ferdigstrikka par Vottevotter er med.
PS: Om du allereie har strikka Vottevotter tidlegare år, ta gjerne eit nytt foto, så er du også med i denne uhøgtidelege trekninga!
Klassikar på Raverly
Vottevotter er ein klassikar frå 2015, og om du ikkje har oppskrifta frå før, kan den kjøpast via Raverly – her er lenke til prosjekt-sida for Vottevotter der. I heile oktober er det 25 % rabatt på oppskrifta!
![]() |
| Foto og designar: Wenche Roald alias Knitnetty |
Merk: Premiane er ikkje sponsa av nokon, men betalt av oss i Vottelauget. Det er Patricia Anne (tidlegare Knitography Farm) som har laga den stilige mini-primstaven.
![]() |
| Foto: Møyfrid Engeset alias Silkesauen |










