onsdag 23. september 2026

Votteutfordringane JUNI - SEPTEMBER


Her er Torirot på tur med sine eigenkomponerte Companion mittens (lenke til Raverly). Desse frodige vottane passa perfekt til oppfordringa i juni, som var BLOMSTER. 

Månad for månad lanserer vi nye tema til inspirasjon, der de kan strikke med utgangspunkt i ein eller fleire av votteoppskriftene frå Vottelauget. Og her er ei oversikt over utfordringane i perioden mai - september: 

MAI: Fingervanter

JUNI: Blomster

(JULI: feriepause, utan oppfordring)

AUGUST: Sommerminner

SEPTEMBER: Trøstevotter

Dei fine foto-bidraga vi får inn finn du i Facebook-gruppa "Vottelauget og eventyrvottene", og også enkelte på Instagram. 

Og PS: Vi kan også røpe allereie no at Torirot alias Tori Seierstad står bak årets julevott-mysterium, som vi lanserer når desember nærmar seg! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar