Det er Møyfrid alias Silkesauen som har designa plagget, som er tenkt å vere eit avslappa strikk med restegarn før desember og det kommersielle julemaset stormar inn. For her er heller ingen skummel tommel i sikte!
Inspirasjonen er henta frå eit blomster-motiv som ein kan sjå på tradisjonelle vottar og vantar frå både Estland og Latvia, og Møyfrid har kombinert dette med lauv og anna dekorasjon.
I "Variasjonar"-delen av oppskrifta er det lagt inn eit blankt diagram for dei som har lyst til å boltre seg med fargestiftar og eigne design-idear. Her kjem det også tips om korleis du kan pynte dine eigne vottar med f. eks. broderi eller fleirfarga mansjett. Dei sjokoladebrune pulsvarmarane på fotoet har fått pollenberarar midt i blomsten til høgre, takka vere franske knutar.
Vi ynskjer alle ein god og fredeleg november – gjerne med Kvilepuls! Oppskrifta er planlagt publisert i desember, altså etter at teststrikkinga er ferdig.
