onsdag 30. august 2017

Vottedag på Maihaugen 14. oktober - velkomen!

Merk av datoen i strikkekalenderen: Laurdag 14. oktober feirar vi vottedagen med eit eige arrangement på Maihaugen i Lillehammer!

Fleire detaljar om programmet kjem etter kvart, både her på bloggen og på Facebook-sida vår, men allereie no kan vi røpe at eit heilt nytt vottedesign blir lansert denne dagen, at vi inviterer til strikkekafé med tips og teknikk-hjelp - og at Nina Granlund Sæther (heimeside) vil halde votte-foredrag. Pluss ein god del anna.

Så følg med vidare. Vi i Vottelauget gler oss!


Kvifor har vi vald akkurat datoen 14. oktober? Jau, fordi dette etter gammalt var rekna som den første vinterdagen, og då vart primstaven snudd. Den første merkedagen på vintersida er 14. oktober, ofte symbolisert med ein innrissa vott.

(begge foto: Møyfrid Engeset)