lørdag 26. mars 2016

Ånden i lampa


Hvem skulle ikke ønske seg en Aladdins lampe, med en ånd som kan tilkalles ved å gni på lampa og oppfylle alle dine ønsker? Du kan jo starte med å strikke disse vottene, som Tori Seierstad har laget. 



Det er en klassisk vottemodell med god passform og fine farger, og strikker du inn en gulltråd, som vi har gjort her, får vottene en magisk glans - og hvem vet, kanskje kommer ånden ut av lampa også?



Vottene står den nyeste e-boka vår, "Tusen og én skatt", og sammen med votteoppskriften lærer du også litt mer om tommelkiler.



tirsdag 22. mars 2016

Varmer diamanter?


En gjenganger i eventyr er skattene som helten finner. Om det er gull og juveler, silkestoffer, kister fulle av mynt og diamanter, et fantastisk skue er det, selv om det ofte er strabasiøst og farlig for helten eller heltinnen å komme seg til skatten, om den er i enden av regnbuen eller om det ligger en drage oppå eller er bevoktet av førti røvere, så er det verdt slitet!

Og det er noe spesielt med diamanter. Diamanter som fanger lyset og glitrer. 

Så hva med diamantvotter? Diamanter i ull varmer mer enn edelstenutgaven. Håndflata til vottene glitrer, og på utsiden er det pyntet med tre store diamanter som glitrer, selv i vinter og mørketid. 


Diamanter! Sånn for å øke hverdagsglamouren. 


Er du heller en smaragdtype? Eller rubinelsker? Det er jo ikke bare hvitt og svart disse vottene fungerer i. 

Diamantvottene Bling! Bling! er med i den nye eboka til Vottelauget, Tusen og én skatt, inspirert av Tusen og en natt-historiene. Jeg syntes tegningene av skattkammerne alltid var så utrolige, og det gav inspirasjon til diamantvottene. 


Hilsen Merete



mandag 21. mars 2016

Ny e-bok: Tusen og én skatt

Er du klar til å setje deg på eit flygande teppe? Hald deg fast i strikkepinnane og bli med Vottelauget på nye eventyr! 

I dag lanserer vi nemleg e-boka "Tusen og én skatt". Denne gongen har vi vinka farvel til den europeiske eventyrskogen, og late oss inspirere av edelsteinar, frodige hagar - og heltar som Sjeherasad og Aladdin.

Sju ulike votteoppskrifter, med fleire magiske strikketips og triks undervegs, er det vi serverer, fordelt på heile 46 sider. E-boka er å få kjøpt via Raverly (direkte lenke til Paypal) for 85 kroner. Merk: Bur du i eit EU-land blir det automatisk rekna moms i tillegg. 

For dei som i januar strikka Mosaikk-vottane i mysteriesamstrikken på Ravery (og i Facebook-gruppa vår, Vottelauget og eventyrvottene) i januar vil det i praksis vere seks nye og eit kjent vottepar.

No er vottane Mosaikk tilbake der dei høyrer heime, i det gode selskap av dei andre eventyrvottane i Tusen og én skatt - sjå alle vottane her. 

søndag 6. mars 2016

Klar for eit eventyregg? Samstrikk og konkurranse

Har du lyst til ruge ut eit eventyregg eller to? Vi i Vottelauget inviterer til vårleg og uhøgtideleg samstrikk under stikkordet #eventyregg no i mars. 

Utgangspunktet skal vere motiv/mønster frå votteoppskriftene våre, og du skal altså lage ein minivott som passar som dekorativ eggevarmar (... eller for å skjule påskesnop og anna godteri). Kanskje blir dette årets påskegåve? Om du har lyst, kan også eventyregget gjerne trylle seg om til ein praktisk babyvott. 


Du kan bruke akkurat det garnet du vil, og leike deg med fargar, pynt og bling-bling.  Eventyregg er perfekt til restegarn, og ein slik minivott kan også vere nyttig som prøvelapp for å teste ut garn,  fargar og strikkefastheit før du går i gang med større strikkeprosjekt. Og ikkje minst: Her slepp du å streve med tommelmasker!

Blir responsen god, har vi fleire premiar på lur, så her er det plass både for dei med skarpt konkurranse-instinkt, og for dei som berre har lyst til å ta det roleg med småstrikk i vårsola.


Praktiske strikketips og idear til startfasen får du snart bloggen Silkesauen, der Møyfrid i Vottelauget fortel om korleis ho laga eventyregga her på fotoet. Og allereie no kan du sjekke eventyrluene til Judith i Vottelauget, i blogg-innlegget Påskepynt fra barndommen.



Slik deltar du:

Kva: Strikk minst éitt eventyregg, altså ein minivott/babyvott som har form som ein eggevarmar, og ta deretter fine foto. 

Utgangspunktet for mønsteret vere frå ei (eller fleire) av oppskriftene frå Vottelauget. Det vil seie frå boka Eventyrvotter (Aschehoug 2015), eller frå ein av dei to e-bøkene våre, Votter fra Eventyrskogen eller Flere votter fra Eventyrskogen . Oppdatert: Eller frå den heilt ferske e-boka vår Tusen og én skatt (lenke til Raverly).

Kvar: Tre ulike alternativ: 

a) Legg fotoet ditt i albumet "Eventyregg" i Facebook-gruppa vår, Vottelauget og eventyrvottene. 
b) Legg fotoet ut på Instagram. Bruk då begge desse emneknaggane: #eventyregg og #eventyrvotter 
c) Er du verken på Facebook eller Instagram kan du sende fotoet til Møyfrid i Vottelauget via e-postadressa frida.fielding(krøllalfa)yahoo.com Då legg ho ut fotoet ditt i Facebook-gruppa og krediterer deg. Sei ifrå om du vil ha kallenamn eller fullt namn. 

Gjennom å vere med på #eventyrvotter gir du Vottelauget grønt lys til fritt å vise fram fotoet ditt her på bloggen og/eller på Facebook-sida vår. Men det er du som har opphavsretten til fotoet. 

Frist: Torsdag 31. mars ved midnatt, altså før april overtar.

Lukke til! Vi gler oss til å sjå dei eventyrlege minivottane trille fram i vårlyset! Del også gjerne foto undervegs i strikke-prosessen.