søndag 6. mars 2016

Klar for eit eventyregg? Samstrikk og konkurranse

Har du lyst til ruge ut eit eventyregg eller to? Vi i Vottelauget inviterer til vårleg og uhøgtideleg samstrikk under stikkordet #eventyregg no i mars. 

Utgangspunktet skal vere motiv/mønster frå votteoppskriftene våre, og du skal altså lage ein minivott som passar som dekorativ eggevarmar (... eller for å skjule påskesnop og anna godteri). Kanskje blir dette årets påskegåve? Om du har lyst, kan også eventyregget gjerne trylle seg om til ein praktisk babyvott. 


Du kan bruke akkurat det garnet du vil, og leike deg med fargar, pynt og bling-bling.  Eventyregg er perfekt til restegarn, og ein slik minivott kan også vere nyttig som prøvelapp for å teste ut garn,  fargar og strikkefastheit før du går i gang med større strikkeprosjekt. Og ikkje minst: Her slepp du å streve med tommelmasker!

Blir responsen god, har vi fleire premiar på lur, så her er det plass både for dei med skarpt konkurranse-instinkt, og for dei som berre har lyst til å ta det roleg med småstrikk i vårsola.


Praktiske strikketips og idear til startfasen får du snart bloggen Silkesauen, der Møyfrid i Vottelauget fortel om korleis ho laga eventyregga her på fotoet. Og allereie no kan du sjekke eventyrluene til Judith i Vottelauget, i blogg-innlegget Påskepynt fra barndommen.



Slik deltar du:

Kva: Strikk minst éitt eventyregg, altså ein minivott/babyvott som har form som ein eggevarmar, og ta deretter fine foto. 

Utgangspunktet for mønsteret vere frå ei (eller fleire) av oppskriftene frå Vottelauget. Det vil seie frå boka Eventyrvotter (Aschehoug 2015), eller frå ein av dei to e-bøkene våre, Votter fra Eventyrskogen eller Flere votter fra Eventyrskogen . Oppdatert: Eller frå den heilt ferske e-boka vår Tusen og én skatt (lenke til Raverly).

Kvar: Tre ulike alternativ: 

a) Legg fotoet ditt i albumet "Eventyregg" i Facebook-gruppa vår, Vottelauget og eventyrvottene. 
b) Legg fotoet ut på Instagram. Bruk då begge desse emneknaggane: #eventyregg og #eventyrvotter 
c) Er du verken på Facebook eller Instagram kan du sende fotoet til Møyfrid i Vottelauget via e-postadressa frida.fielding(krøllalfa)yahoo.com Då legg ho ut fotoet ditt i Facebook-gruppa og krediterer deg. Sei ifrå om du vil ha kallenamn eller fullt namn. 

Gjennom å vere med på #eventyrvotter gir du Vottelauget grønt lys til fritt å vise fram fotoet ditt her på bloggen og/eller på Facebook-sida vår. Men det er du som har opphavsretten til fotoet. 

Frist: Torsdag 31. mars ved midnatt, altså før april overtar.

Lukke til! Vi gler oss til å sjå dei eventyrlege minivottane trille fram i vårlyset! Del også gjerne foto undervegs i strikke-prosessen. 

3 kommentarer:

  1. Flott ide!
    Eg har likevel eit spørsmål - kan mønsterrt til mysterivott, vottevott nyttast, i tillegg til dei flotte vottemønstrene i bøkene?

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Aashild, så kjekt at du likar mars-aksjonen vår! Du kan også bruke enkeltmønster frå oss ja, som Mysterievotten (Mosaikk) og Vottevotten. Lukke til med strikkinga!

      Slett