lørdag 5. februar 2022

Februar: Alle monner drar!

 

Vottelauget feirar det nye året med ny ebok! 

Vi har late oss inspirere av ordtak, og første par ut er Toris "Alle monner drar". Dette er vottar spesialdesigna for restegarn – og i heile februar kan du vere med på samstrikk. Alle som vil kan då dele foto på Instagram, med emneknaggen #allemonnerdrarifebruar

Éin heldig vinnar vil få tilsendt eit eksemplar av boka vår Eventyrvotter, som no er i ferd med å bli eit samleobjekt.

Eboka "Si det med votter" vil til slutt innehalde totalt seks votteoppskrifter, ved at éi ny oppskrift blir lagt til om lag kvar andre månad utover i 2022. Som med eboka Sareptas krukke, startar vi på ein veldig rimeleg pris, som så aukar med kvar nye oppskrift utover året. 
Eboka finn du på Ravelry: Si det med votter (lenke) 


Foto og design: Tori Seierstad alias Torirot

lørdag 15. januar 2022

Vottemånaden januar


 Januar er den store vottemånaden – også i gruppa "I make mittens" på Raverly. Vi tipsar gjerne om at både Tori alias @torirotdesign og Wenche alias @wroald i Vottelauget i heile januar tilbyr 22 % rabatt på eigenproduserte votteoppskrifter på Raverly (dvs ikkje Vottelaugets e-bøker o.l.). Koden er #NaKniMitMo2022