Sareptas krukke er no fylt til randa: Sinbad sjøfarervotter og sjøfarerhals er oppskrifta som avrundar Vottelaugets nyaste e-bok.
Sinbad sjøfarer er lokka i land av Torirot, og er enkle, varme vottar i «sildebeinsvrangbord». I oppskrifta kan du velje mellom to forskjellige masketal, så ved å variere garntjukkelse kan du få vottar til både store og små. Det er ikkje skilnad på høgre og venstre vott, så dei kan brukast om kvarandre. Til slutt i oppskrifta finner du også ein babyvott-versjon. God strikketur – og godt nytt år!
Sinbad sjøfarervotter er gått i land for å varme store og små. (foto: Tori Seierstad) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar