onsdag 1. april 2026

April: Dropp toppen på votten!


Dette er ingen aprilspøk! No når vi går mot varmare tider, synest vi det blir ei passande månadsutfordring å droppe toppen på votten: 

Dermed ynskjer vi deg velkomen til å forvandle ei av votteoppskriftene våre til ein halvvott, halvvante eller pulsvarmar. Her får du litt inspirasjon før du går i gang med pinnar og garn:

På fotoet over ser du kva eg (Møyfrid i Vottelauget) har leika meg med tidlegare:

Halvvottane eg har på er i utgangspunktet dei nydelege vottane "Tusenfryd" av Wenche Roald, frå e-boka vår "Tusen og én skatt". Korleis eg laga denne vårlege og topplause versjonen kan du lese om her på prosjekt-sida mi på Raverly: 

Tusenfryd som halvvott (lenke)

Endå raskare går det om du droppar tommel-jobben, og lagar heilt enkle pulsvarmarar. Dette kan også vere ein fin måte å teste ut fargekombinasjonar for eit større prosjekt (f eks ei jakke eller genser), i staden for ein kjedeleg prøvelapp. På fotoet over held eg to versjonar av handflate-mønsteret frå mi eiga oppskrift "Gullfuglen" frå papirboka vår "Eventyrvotter" på Aschehoug forlag. Eg døypte desse Gull-puls 1 og 2, og her kan du lese korleis eg laga desse:

Gull-puls 1 (strikka i Jamieson & Smith 2ply Jumper Weight) 

Gull-puls 2 (strikka i Rauma Finull) 

Ja, kjært barn har mange namn, så kanskje har du andre namn på ein "topplaus" vott? Ein torgvante kanskje? Og finst det andre uttrykk avhengig av kvar du bur? På engelsk blir ofte ordet "mitts" brukt når verken tommelen eller fingrane er dekte, og "wrist warmer" eller "cuff" (alias mansjett) når tommelen ikkje har ein eigen plass.

Foto og design: Anne Schøyen 
Ei kjekk og einsfarga basis-oppskrift finn du gratis på bloggen til Anne alias Annepålandet i Vottelauget – som ho kallar "Annepålandets Mitts" (lenke). Her kan du med liv og lyst fylle inn med fleire fargar og mønsterrapportar! 

Og: Det er sjølvsagt også muleg å strikke ein av våre ferdige oppskrifter på halvvottar/halvvantar. Det er ikkje så mange, men her er til dømes "Soldag" av Wenche Roald (lenke til oppskrifta på Raverly) frå e-boka vår "Sareptas krukke":

Foto og design: Wenche Roald
Vi gler oss til å sjå kva de tryllar fram! Du er som vanleg velkomen til å vise fram foto i Facebook-gruppa vår "Vottelauget og eventyrvottene" – og/eller på Instagram med emneknaggen

#vottelaugvottapril26