onsdag 1. desember 2021

Velkomen til advent med Vottelauget


Desember er her! "No hastar det meir enn nokon gong med å ta det heilt med ro" for å sitere poeten Øystein Hauge.

Vi i Vottelauget vil gjerne følgje deg med små steg i adventstida, og her på bloggen (og Instagram) har vi tenkt å vise små glimt av det vi steller med fram mot jul – og også vise fram nokre av yndlingsvottane våre frå tidlegare år. Likar du å bake, kan du også få gode tips her etter kvart.

Og kanskje avslører vi også nokre av dei planlagte premiane i mysteriesamstrikken vår!

Foto: Mansjetten på  #julevotten21 ligg og chillar på kjøkkenbenken, og ventar på neste del av oppskrifta på årets mysterium av Tori, som vart publisert på Raverly i dag. 


Under ser du datoane for når ein ny del (nøkkel) av mysteriet blir lagt ut.
Lurer du på korleis du kan bli med på å strikke årets julevott? Sjå innlegget nedanfor.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar