søndag 12. desember 2021

Kven er det som svinsar og bankar på?



Har du eit favoritt-julehefte? Eg har spart på gamle Donald, Tom & Jerry og nye Juleroser som eg legg på stovebordet kvar jul, men den nostalgiske favoritten over alle er eventyrheftet Tuss og Troll! Då eg var jentunge gjekk eg på glatte vintervegar – med årets Tuss og Troll, Smørbukk og Juletre under armen – og banka på døra til naboane og spurde om dei ville kjøpe. Det ville dei aller fleste, og eg vart nokre blanke kroner rikare.  

Ja, sjølvsagt strikkar Reveenka også! (frå Tuss og Troll 1960)
Så då vi i Vottelauget valde eventyr som tema for den første e-boka vår, henta eg familie-samlinga med Tuss og Troll ned frå loftet: Historia om Reveenka kjende eg også frå dokkefilm-versjonen til Ivo Caprino, og etter eit blikk på fargepaletten til illustratøren Solveig Muren Sanden (1918-2013) var det ingen tvil: Her skulle alle friarane få plass på votten, med oker, bonderaudt og andre fargar henta rett frå Tuss og Troll-universet. 

Og snipp snapp snute, eventyret er slett ikkje ute, for den som strikkar kan stadig dikte vidare med masker og eigne fargevariantar. 

I innlegget mitt Reveenka på frifot frå 2014 (då oppskrifta vart lansert), kan du lese meir, og sjå foto av fleire andre versjonar av Reveenka.
God og eventyrleg adventstid vidare!




 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar