søndag 19. desember 2021

Så strikkar vi den fjerde vott ...


Vottar kan brukast til så mangt, både til å varme frosne fingrar – og til å lyse opp som dekorasjon på hendene eller i heimen. Ei strikkeoppskrift kan også varierast i det uendelege:

Desse fuglane dukka først opp som tommelmønster på dei julete vottane Grantreet (fotoet under), som også er tittelen på eit vakkert og vemodig eventyr av ein av mine litterære favorittar: H. C. Andersen. Deretter landa dei på babyvottane Tommelise (på fotoet over i rolla som fire adventslys) som har henta namnet sitt frå eit anna eventyr av den danske meisteren. 


Og dei to fuglane vart så forelska at dei ville kvitre til kvarandre både vinter og vår, så dermed heng dei også her på veggen i hjarteform. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar