tirsdag 7. desember 2021

Ferdig med venstre vott? Ein prosjektpose kan bli flott!


Sju slag dukkar nok ikkje opp på kjøkkenbenken min i år heller, men kardemomme-kapslane dansar gjerne rundt og fyller tomrommet. Og sanneleg er den eine #julevotten2021 ferdigstrikka. Nøkkel nr 4 i vottemysteriet vart lagt ut i dag tidleg, og eg valde bonusmønsteret "snøfnugg" som topp på votten, før tommelen kom på plass.

Blir du også ferdig med venstrevotten seinast fredag 10. desember? Då kan du bli den heldige mottakaren av den vesle prosjektposen på fotoet. Der er det plass til nokre små nøste, eller kanskje litt hemmeleg julegodteri?

Stempelkunstnaren Esther i Nederland har laga denne vesle gåva som vi i Vottelauget gir vidare, til deg som viser den ferdige votten på Instagram eller i Facebook-gruppa vår, med emneknaggen #julevotten2021. Dagen etter, dvs 11. desember avslører vi vinnaren. God strikketid!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar