torsdag 23. desember 2021

Monster-jul

Blir du litt sprø av den søte og koselege jula? Då kan det vere godt å hente fram monstervottar, og halde verda på ein armlengdes avstand.

Vottane "Nøkken" kan strikkast for både små og store, og finst heilt ned til størrelse 2 år.

Og berre kjenn kor herleg det er å spreie prikkane (lusa) vilt omkring på kroppen til Nøkken, utan å måtte følgje eit strengt lusekofte-mønster.

I dette blogginnlegget (lenke) kan du sjå endå fleire variantar av vottane Nøkken, og lese om korleis Merete i Vottelauget skapte denne oppskrifta.



Nøkken blir også gjerne med på aketur, og toler nok det meste:


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar