lørdag 22. mars 2025
Vottelaugets jubileumsvott som påskemysterium
lørdag 1. mars 2025
10-årsjubileum med ny e-bok
For 10 år sidan kunne vi i Vottelauget stolt sjå at boka vår Eventyrvotter vart utgitt på sjølvaste Aschehoug forlag (2015). Vi feirar dette jubileet med e-boka "Seks votteskatter fra eventyrskogen" – fylt med dei seks siste votteoppskriftene som tidlegare ikkje fanst digitalt.
Her kjem både Gullfuglen og Nattergalen flygande, saman med Nordstjerna, Skogens kongle, Snøhvit – og babyvotten Tommelise:
Både Nattergalen og Tommelise er inspirerte av kunsteventyra signert den danske magikaren H.C. Andersen, medan Gullfuglen er frå eit norsk eventyr, som også har liknande variantar verda rundt. Nordstjerna og Skogens kongle har henta namna sine frå naturen sjølv, med fine og repeterande mønster. Som kontrast til fleirfarga mønsterstrikk har vi den einsfarga votten Snøhvit, med vakker struktur. Og med babyvotten Tommelise trengst det berre nokre få gram mjukt garn – og ei herleg pause frå tommelstrikk! – for å lage ei gåve til ein liten venn.
Vil du bli med på feiringa? Vi er klare til ein fargefest med desse seks votteskattane! E-boka er no publisert på Raverly (lenke). Og oppfordringa i Facebook-gruppa vår for mars 2025 er å strikke ein (eller fleire!) vottar frå denne e-boka. Har du allereie strikka nokre av desse frå før, ja kanskje heilt tilbake i 2015, hent dei gjerne fram i fotolyset igjen – vi elskar å beundre godt brukte og eventyrlege vottar!
søndag 1. desember 2024
Strikk Julevotten 2024 med Vottelauget
Julemysterievotten er i 11 deler og publiseres følgende datoer: 1. 3. 5. 7. 8. 10. 12. 14. 15. 17. og 19. desember. Du finner mønsteret på Ravelry.
Vottene er strikka i to farger, en bunnfarge (BF) og en mønsterfarge (MF). Du trenger små rester i kontrastfarger til å brodere med til slutt. Vottene kan også være uten broderi.
Garnforslag: Et 2-tråds ullgarn. Du vil trenge ca. 50 gram i bunnfargen og 30 gram i mønsterfargen.
Fargeforslag: Velg farger du liker. Vi har teststrikka med grønn bunnfarge og brun mønsterfarge, og rødt og gult i forskjellige nyanser som kontrastfarger.
Samstrikken skjer i gruppa “I make mittens” på Ravelry, og i Facebook-gruppa til Vottelauget: Vottelauget og eventyrvottene
Emneknaggen på Instagram er #julevotten2024 - bruk i tillegg gjerne #vottelauget
fredag 1. desember 2023
Desember: Strikk #julevotten2023
No er vi i gang med Julevotten 2023 (lenke til oppskrifta på Raverly) designa av Vottelaug-medlem Torirot. Inntekta frå førehandssalet vart 1. desember sendt til Redd Barna, Røde Kors og Leger uten grenser, til saman 10950 kroner.
Men kva er Julevotten 2023? Vi siterer Torirot:
Årets julemysterievott er en hyggelig, vinterlig vott, som i utgangspunktet strikkes i to farger, en mørk bunnfarge (ca 40 g) og en lys mønsterfarge (ca 20 g), gjerne hvit eller gul. Om du ønsker kan du velge en tredje farge på mansjetten. Og om du vil kan du så klart velge helt annerledes enn det som foreslås her!
Det er 13 deler, første del kommer 1. desember, og så kommer det nye deler cirka fire ganger i uka, med siste del 22. desember.
Samstrikken foregår på Ravelry, i gruppa “I make mittens” og i Facebook-gruppa til Vottelauget: Vottelauget og eventyrvottene
Emneknaggen på Instagram er #julevotten2023 - bruk i tillegg gjerne #vottelauget og #torirotdesign
søndag 12. november 2023
November: Strikk julegåver i ro og mak
I Vottelaugets «kalender» for 2023 er oppfordringa i november å strikke julegåver i ro og mak!
søndag 1. oktober 2023
Oktober: Svart, kvitt og grått!
Strikke-oppfordringa for oktober er svarte og kvite vottar - og/eller i ulike «shades of grey»! Vi i Vottelauget har ofte invitert til fargefest, men no gjer vi altså ein ny vri. Dermed har du sjansen til å sjå med nytt blikk på oppskriftene våre - og kanskje har du allereie restegarn som ventar på deg?
Om du strikkar slike vottar, del dei gjerne (... også undervegs i prosessen) i Facebook-gruppa vår og/eller på Instagram med knaggen:

søndag 1. januar 2023
Strikk votter med Vottelauget i 2023!
Bli med på 12 måneder med vottestrikk med Vottelauget i 2023! Vi velger et tema for hver måned og inviterer til å strikke ett eller flere vottepar av våre votter med månedens tema.