For 10 år sidan kunne vi i Vottelauget stolt sjå at boka vår Eventyrvotter vart utgitt på sjølvaste Aschehoug forlag (2015). Vi feirar dette jubileet med e-boka "Seks votteskatter fra eventyrskogen" – fylt med dei seks siste votteoppskriftene som tidlegare ikkje fanst digitalt.
English: This new e-book with the six last patterns from the Norwegian hard cover book Eventyrvotter is also translated into English, called "Six mitten treasures from the fairy forest". Both languages are included in the same e-book.
Namna på dei seks votteskattane
Her kjem både Gullfuglen og Nattergalen flygande, saman med Nordstjerna, Skogens kongle, Snøhvit – og babyvotten Tommelise:
Både Nattergalen og Tommelise er inspirerte av kunsteventyra signert den danske magikaren H.C. Andersen, medan Gullfuglen er frå eit norsk eventyr, som også har liknande variantar verda rundt. Nordstjerna og Skogens kongle har henta namna sine frå naturen sjølv, med fine og repeterande mønster. Som kontrast til fleirfarga mønsterstrikk har vi den einsfarga votten Snøhvit, med vakker struktur. Og med babyvotten Tommelise trengst det berre nokre få gram mjukt garn – og ei herleg pause frå tommelstrikk! – for å lage ei gåve til ein liten venn.

Desse seks oppskriftene er som i papirboka Eventyrvotter (2015), i tilfelle du allereie har den. Men nokre av dei er også oppdaterte med tips om nye garntypar som ikkje fanst den gongen – og alle oppskriftene er for første gong altså også omsette til engelsk. Både norsk og engelsk versjon finst parallelt i den same e-boka.
Oppfordringa for månaden mars: Strikke vottar frå denne e-boka
Vil du bli med på feiringa? Vi er klare til ein fargefest med desse seks votteskattane! E-boka er no publisert på Raverly (lenke). Og oppfordringa i Facebook-gruppa vår for mars 2025 er å strikke ein (eller fleire!) vottar frå denne e-boka. Har du allereie strikka nokre av desse frå før, ja kanskje heilt tilbake i 2015, hent dei gjerne fram i fotolyset igjen – vi elskar å beundre godt brukte og eventyrlege vottar!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar