tirsdag 21. april 2015

Vinnar 1 og 2 i påskevott-strikken!

Juryen i Vottelauget har no gått gjennom dei to typiske fasane for kvar gong vi arrangerer ein konkurranse: Først jubel og glede over alle dei fine og fantasifulle bidraga som kjem inn. Deretter lett fortviling fordi det i grunnen er umuleg å velje kva for vottar som kan kallast dei "beste" ...

Men vi innser at dette er eit luksusproblem, og no har vi altså endeleg bestemt oss for vinnar 1 og 2 i påskevott-strikken. Samtidig kan vi røpe at vi i morgon (onsdag) dryssar ut heile fem ekstraprisar her på fellesbloggen!


Kategori 1: Beste påskevott: 
Hurra for Sidsel Flock Bachmann og hennar "Hareflokken"-votter! 
Copyright på foto: Sidsel Bachmann (collage: Vottelauget)

Sidsel har tatt utgangspunkt i barnevottane "Haren og reven" frå e-bok nr 1, men her har altså (påske)harane jaga vekk revane, og dei fine fargeskifta i botnfargen er inspirerte av mønsteret "Bukkene Bruse" frå same e-bok. Legg også merke til den fleirfarga mansjetten (corrugated rib) som Sidsel valde istadenfor ein tradisjonell vrangbord. 


Her er Sidsels eigne ord om vottane på Raverly:
Hareflokken er endelig samlet igjen - nå er det bar asfalt, tøysko og vårfri som gjelder for arbeidssomme påskeharer. Den store egge-utdelingen i påsken er unnagjort for i år…
Tommelharen er det den ene datteren som har tegnet :)
Gult og orange er rester i Finull. Naturfagen er dobbel tynn Nøstebarn-ull. Sort (øye) er Finull og rosa (snute og inni øret) er Rauma Lammeull.

Kategori 2: Beste påsketur-vottefoto: 
Hurra til Tone Hognestad/trolltone
og hennar påskegule Blåbærskogen 
Copyright på foto: Tone Hognestad
Tone laga ein collage fylt av god påske- og vårstemning, der vi også får beundre dei fine vottane frå alle sider. Mønsteret "Blåbærskogen" er også frå e-bok 1,  men Tone har altså boltra seg med ein heilt annan bærfarge enn i originalen. Tone skreiv dette på Facebook (6. april): 

Påskevottene er ferdige! Mottakeren ble som dere ser fornøyd. 
Nå er vottene på vei med toget til Trondheim sammen med studenten.

Vi gratulerer både Sidsel og Tone! Premien til kvar av dei to er ein spesialsydd prosjektpose av Tori/Torirot i Vottelauget, med hemmelege saker oppi. 
Tori sender premieposane til Sidsel og Tone når ho har fått adressene. Her er Tori i vårsola,  med den ferskt monterte "Regnbuekofta", der mønsteret er henta frå Eventyrblomster-vottane hennar frå e-bok 1.


Og hugs: 
I morgon kunngjer vi altså dei fem ekstra-prisane her på bloggen! 

4 kommentarer: