Fire av åtte i Vottelauget, alle i sjølvstrikka utgåve av genseren "Next year in Lerwick", designa av Tori Seierstad. Frå venstre: Ann, Wenche, Anne og Tori. (Foto: Hedvig Løken) |
Laurdag 20. august) er tre av oss på Strikketreff på Lillehammer, der det skal vere strikkekino, utstilling og garnsal m.m.
Onsdag 7. september vil Ann alias Pinneguri halde kurset "Forkorta rader" (short rows) hos Fru Kvist i Oslo. Like etter reiser Merete til Helgelandskysten på Lurøy strikkefestival 9.-11. september, både for å vise fram vespejakka si, og for å vere strikkekåsør.
Ikkje berre vottar: Merete tar med seg "Vespejakka" si til Strikkefestivalen på Lurøy. (Foto: Ann Myhre) |
Judith er organisator for Strikkedager på Sjølingstad ved Mandal 30. september og 1. oktober, og hit kjem både Cecilie og Ann også. Det var her Vottelauget lanserte den første e-boka med votteoppskrifter for to år sidan. Og akkurat eitt år seinare kunne vi ta med boka "Eventyrvotter" dit.
Dette er eit lite innblikk i strikkekalenderen vår for august og september. Hugs at du også kan møte oss virtuelt i den fine Facebook-gruppa Vottelauget og eventyrvottene. God strikkehaust!
(Foto og design: Tori Seierstad) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar