Vi gratulerer Inghild og Innestemmen som vart Valentin-vinnarane våre! Dei to får kvar si e-bok. Ta kontakt med oss, så kjem pakken rett i e-postboksen din.
Eigentleg hadde vi berre tenkt å lodde ut éi e-bok, men sidan responsen var så stor, og dette er dagen for å dele - utvida vi gåvebordet.
Samtidig er vi glade over å kunne lansere den engelske utgåva av e-bok nr 2 akkurat i dag: "More mittens from the fairy forest". Dette betyr at alle som kjøper (og har kjøpt) ei e-bok av oss automatisk får både den engelske og den norske utgåva.
Kanskje ein gåve-idé til nokon du kjenner som bur langt borte frå den norske eventyrskogen - og/eller likar betre å strikke på engelsk?
Varm helsing oss alle åtte i Vottelauget <3
PS: Inghild (nr 5 på lista) og Innestemmen kan ta kontakt på frida.fielding(krøllalfa)yahoo.com. Er du på Raverly, kan du få e-boka rett i biblioteket ditt der. Men vanleg e-post går også fint. Oppdatert: Begge vinnarane har fått premien tilsendt no!
Viser innlegg med etiketten bok 2. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bok 2. Vis alle innlegg
lørdag 14. februar 2015
Hjarteleg til lukke!
Etiketter:
bok 1,
bok 2,
book 1,
book 2,
konkurranse
fredag 12. desember 2014
Nye vottemønster er i svevet!
![]() |
| Vi i Vottelauget dryssar sju nye vottemønster ut til folket no i desember. Judith (til venstre) og Tori (til høgre). Foto: Ann Myhre |
Du kan vinne denne nye e-boka om du følgjer med her på bloggen vår framover: I morgon, på Luciadagen/Lussimesse, legg vi ut foto og nokre hint om det første mønsteret, og då kan alle vere med på å gjette kva for eit eventyr desse vottane er inspirerte av. Allereie i dag kan vi røpe såpass at det er Torirot/Tori Seierstad som har laga mønsteret. Velkomen til ei eventyrleg førjulstid i lag med oss!
Etiketter:
bok 2,
flere votter fra eventyrskogen,
konkurranse
Abonner på:
Innlegg (Atom)

