Viser innlegg med etiketten fuglemønster. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fuglemønster. Vis alle innlegg

tirsdag 22. oktober 2019

Eventyrlige Åkerhøna



Vivieron felices y comieron perdices

Vottelaugets nyeste mønster er Judiths votter Åkerhøna.
Hva er det med eventyr og åkerhøner, lurer du kanskje. 
Joda, slik slutter eventyrene på spansk - vivieron felices y comieron perdices ("de levde lykkelig og spiste åkerhøner") - eller som vi ville sagt det: Så levde de lykkelig i alle sin dager...

torsdag 1. oktober 2015

Fuglane er landa. Og kven vann?

Foto/copyright: Kathrin Storheil (montasje: M. Engeset).
I heile september har vakre fuglar blitt forma i masker og viste fram, både i Facebook-gruppa vår, og på Instagram under emneknaggen #vottefugl. Hurra for alle som har deltatt i septembersamstrikkinga!

Kathrin Storheil starta med  å leggje ut eit undervegs-foto (til venstre) seint ein måndagskveld, då følgde ho nemleg valvaka på tv. Og ikkje lenge etter dukka det ferdige votteparet opp: Nattergalen i delikate, avdempa fargar i garnet Drops Karisma. Gratulerer, Kathrin, du vart uttrekt som vinnar mellom alle bidraga som kom inn på Facebook. Den spesiallaga strikkeposen vår er snart undervegs til deg, med nokre mjuke overraskingar oppi.


Foto/copyright: Mari Stormo (montasje: M. Engeset)
På Instagram trekte vi ut profilen marihonasknit, altså Mari Stormo, som under den korrekte knaggen #vottefugl viste fram to søte Tommelise-par strikka i restegarn.  Mari har også skrive om desse babyvottane på bloggen Marihønas lille garnverden, og det er moro å sjå at ho allereie er i gang med eit nytt par frå boka vår, nemleg Bukkene Bruse.

Gratulerer Mari, du får snart premien i posten, nemleg eit strikkepinneetui - med vottemotiv (så klart!).

Foto/copyright: Turid Engløkk (montasje: M. Engeset)
Aller helst skulle vi ha gitt premie til absolutt alle som deltok, men i tillegg til dei to vinnarane (som altså var tilfeldig trekning) vil vi gjerne gi ekstra applaus til Turid Engløkk, som stilte med heile fire ferdigstrikka par i denne uhøgtidelege konkurransen. Tre ulike Grantreet-vottar (alle med stilige stjerner påsydde i toppen), pluss eit vakkert par Gullfuglen i finull. Turid, strikkeposen vår med Eventyrvotter-motivet er snart på veg til deg. 


Vel, no har vi vinka farvel til september, og seier hallo til oktober, med #votteflora. For no blir det nye vinnar-sjansar! Denne månaden vil vi altså inspirere til frodige vottefoto på Instagram. Ta gjerne med deg dei ferdigstrikka fuglevottane frå september, eller anna og nytt strikk frå boka vår, og ta ein tur utandørs på jakt etter fotomotiv.



onsdag 26. august 2015

Gullfuglen



"Rett som det var, kom gullfuglen. Med det same han slo ned og tok eplet, greip kongssonen etter han, men fekk berre tak i ei fjør. (....) Då han kom inn med fjøra, vart det ljost som klåre dagen". 

Heilt sidan eg var ei lita jente, syntest eg eventyret om den kraftfulle Gullfuglen både var spennande og litt skummelt på same tid. Og akkurat som han, må eg innrømme at eg fleire gonger har vore på epleslang ...  No har eg altså prøvd å fange inn dette fabelaktige vesenet på ein vott, med dei gylne fruktene som dekor på handflatene. Og endeleg, no er også Gullfuglen offisielt landa som mønster i boka Eventyrvotter. 

Å finpusse på dette mønsteret tok temmeleg lang tid, og eg hadde nok ikkje kome så vél i hamn hadde det ikkje vore for den fine test-trioen min i Vottelauget.

Diagram, masketal, størrelse, pinnar, garn ... alt skal klaffe for at ein mønster skal kunne bli flygedyktig. Ekstra stas er det når dei ferdige teststrikk-vottane dukkar opp i postkassa mi! 

Hjarteleg takk til Tori, Judith og Cecilie! Og til Wenche for det vi kallar tech ed.

Gullfuglen finst i to ulike størrelsar, dame liten og dame medium, men sjølvsagt kan menn også kle seg i desse "bevinga" vottane. 

Mønsteret inviterer til alle slags fargekombinasjonar, og eit tips eg kjem med i boka, er også å lage ein enklare versjon med eple-mønsteret på begge sider. Kven blir den første som prøver ut akkurat dette skal tru ...? På Raverly er det oppretta prosjektside for Gullfuglen, i lag med alle dei andre mønstera frå boka som nettopp er komen ut på Aschehoug. Vi gler oss til å sjå din eventyrlege vri på vottane våre! 



 Alle foto av Gullfuglen: Møyfrid (Frida) Engeset











søndag 23. august 2015

Tommelise - babyvottar

" ... og Tommelise frøs i den kolde luft, men så krøb hun ind under fuglens varme fjer og stak kun det lille hoved frem for at se al den dejlighed under sig." 
(H. C. Andersen)

Babyvottane Tommelise har vi halde hemmelege lenge, men no er altså boka Eventyrvotter endeleg ute, og den vesle skatten kan visast fram. 

Med berre nokre få gram garn kan du med dette  mønsteret raskt lage ei personleg gåve til ein liten venn. Oppskrifta finst i to størrelsar: "nyfødd" og "3-6 mnd", som enkelt blir justert med strikkefastheit.

Dei rosa fuglane er strikka i Rauma Finull, medan dei grøne fuglane er i eit smørmjukt alternativ, nemleg det økologiske garnet "Cheeky Merino Joy", handfarga av Ninapetrina i Troms.

Kanskje kjenner du igjen motivet? Dei to fuglane har letta frå kvar sin tommel på vaksenvottane Grantreet, for å varme små hender i vinteren som kjem.

Tommelise kan strikkast både i sprelske og avdempa fargar, alt etter kva du likar best. På Raverly ligg det allereie foto og forslag, til inspirasjon. Huldra til dømes, hjelper deg gjerne på veg inn i eventyret: Dei brune og kvite vottane er laga i Huldra kamgarn frå Hillesvåg, og er lette å bere med seg: Vekta viser fjørlette 5 gram per vott. 
Alle foto: Møyfrid (Frida) Engeset

fredag 21. august 2015

Nattergalen

"Nattergalen er nå likevel det beste av alt", sa folk. Den sitter i toppen av et tre i eventyrskogen og synger så vakkert. H.C. Andersens eventyr om Nattergalen kan du lese på norsk her, hvis du foretrekker originalspråket kan du se her.


Vottene Nattergalen er inspirert av dette eventyret. Du finner dem i boka EventyrvotterDe har tofarga vrangbord og amerikansk tommel i siden. 




Annes votter er strikka i Peer Gynt garn,
med latvisk flette nederst på mansjetten.

Ved å variere strikkefasthet gir dette mønsteret fire størrelser. Barnevottene strikkes i tynt garn, som for eksempel Rauma Finullgarn, på pinner 2,5 eller 3 mm, mens damevottene strikkes i litt tjukkere garn, på pinner 3,5 eller 4 mm. 

Barnevotter i Sjølingstad 2-tråds,
damevotter i Semilla økologisk fra Malsen og mor

Mønsteret beskriver tofarga vrangbord med rullekant, men vi foreslår også å varierer med for eksempel latvisk flette, som Anne har gjort på de øverste vottene, eller å gjøre det enklere med en vanlig vrangbord som på de hvite og grønne barnevottene. 


Fridas barnevott er strikka i diverse restegarn fra Pickles.