 |
Vottelauget inviterer til ein uhøgtideleg konkurranse
som både utfordrar fantasien og handlaget!
(foto av Ann/Pinneguri som strikkar
"Eventyrblomster":Torirot/Tori Seierstad) |
Frys du på fingrane no når sommartida er over? Og forbannar det komande mørkret ?
Vi i Vottelauget derimot, ser Kong Vinter rett i kvitauget, og feirar dei kalde dagane med ein eventyrstrikk-konkurranse!
Fristen for innsending av foto av eventyrlege vottar er: 11. november. Etter gammal tradisjon er dette dagen då bjørnen går i hi ("Bjørnekvelden"), og er også kalla Mortensmesse.
Oppdatert (10.nov.): Fristen er altså ved midnatt, rett før 12. november. Og det er også lov å berre stille med éin einsleg vott!
Vi deler ut to ulike votteprisar: Ein fantasi-pris, og ein handlag-pris. Utgangspunktet for vottane du strikkar må vere eitt eller fleire mønster frå den nye e-boka vår, Votter fra eventyrskogen. Elles står du fritt, både når det gjeld val av garn, fargar, kombinasjon av mønster og størrelse. Du kan også delta med fleire ulike vottar, om du vil.
 |
Mortensmesse 11. november: er fristen for å delta i eventyrstrikk-konkurransen vår! St. Martin/Morten var vernehelgen for dei fattige. På primstaven er dagen ofte markert med ei gås. |
Fantasi-prisen er ei oppfordring til å dikte vidare, og å lage din heilt personlege vri på vottane, men altså med utgangspunkt i mønstera i e-boka vår.
Handlag-prisen er ei feiring av sjølve handverket, og her kan du gjerne bruke originaloppskriftene i e-boka, akkurat slik som dei står. Men også her kan du velje fargar og mønster-kombinasjonar etter eige ynske.
Premiane er: Ein hemmeleg garnpakke, med nogo attåt, til kvar av dei to vinnarane.
Kva gjer du når vottane dine er ferdigstrikka? Jau, ta foto av vottane, helst skarpe nærfoto (... pluss gjerne nokre ord om garn, mønster m.m.) og legg desse fotoa ut på sosiale medium, som Facebook, Raverly eller eigen blogg. Emneknaggen på Instagram er #eventyrligevotter
Og viktig: Samtidig må du kommentere under dette innlegget, med lenke til der du har lagt ut fotoet - slik at vi får den fulle oversikta her. Om du heller vil sende fotoet rett på e-post til oss, kan du gjerne det. Men du også må samtidig leggje inn ein kommentar her, med (kalle)namn slik at vi finn deg igjen.
E-postadressa du kan bruke til foto, om du ikkje brukar sosiale medium, er frida.fielding(at)yahoo.com
Merk: Vilkåret for å vere med i denne konkurransen, er at vi kan vise foto av vottane dine her på fellesbloggen, og elles på sosiale medium. Men du kan sjølv bestemme om du vil at vi skal vente med å vise dine foto til etter fristen 11. november. Sei då ifrå om dette til oss!
Vi i Vottelauget gler oss til å sjå nye, eventyrlege vottar!
Lukke til!
 |
Maihaugen august 2014: Dei sju eventyrlege vottemønstera våre, klare til fotografering for e-boka. (foto: Silkesauen/Frida Engeset) |