søndag 16. november 2014

Vinnarane av ekstra-prisane er ...

Babben (Singelvott-prisen), Gyro (Hjarteknusar-prisen), Cronelinem (Mørketid-prisen), Kråkedans (Restegarn-prisen) og Quiltebirte (Fargefryd-prisen). Gratulerer til alle fem!

*** Singelvott-prisen ***

Foto: Babben
Babben får Singelvott-prisen for "Eventyrblomster" i Kauni Effektgarn i fargane green/purple (og Pt2). Her er nokre av kommentarane frå juryen: 

Pent arbeid, fine farger, nydelig mønster og dekorativt fotografert. Dessuten blir vi nysgjerrige på hvordan vott nummer to blir siden fargene endrer seg!

Ja, får den lilla eventyrvotten din ein grøn partner, Babben? Vi følgjer spent med vidare! Her er prosjektsida til "Eventyrblomster"-vottane til Babben på Raverly. Og her er bloggen hennar, Babbens Idéverksted.

Merknad: Singelvott-prisen er éin av fem ekstra-prisar som vi i Vottelauget spontant oppretta, undervegs i avstemminga. Det var fleire flotte - men single - kandidatar i denne konkurransen: Og dette er slett ikkje rart:  Fristen til innsending av foto var berre på litt over to veker, og sanneleg er det berre éin månad sidan e-boka vår vart publisert (på Vottedagen 14. oktober). Vi er imponerte over responsen og tempoet på strikkepinnane! 

Premien til Babben er:
Ein vottegarn-pakke, spandert av Malsen og Mor

*** Hjarteknusar-prisen ***
Foto: Gyro/Fivrel
 Gyro får Hjarteknusar-prisen for dokkevottane "Foxy  chicks' blueberry mittens" i Finull. Desse bittesmå vottane både knuste og smelta hjarte i juryen!

Då vi i Vottelauget bestemte oss for å gi ut e-bok, passa vi på å både ta med barne-, dame- og herrestørrelsar, for å tilby noko til flest muleg. 

Men dokkene tenkte vi ikkje på! Og som Gyro nemner, desse vottane kan også passe til ein baby. Her kan du lese heile den sjarmerande historia bak vottane til dokka Alva, og sjå fleire foto av "Foxy chicks' blueberry mittens" av Gyro/Fivrel på Raverly.  Og her er bloggen hennar, Fivreldagar


Premien til Gyro er:
Ein vottegarn-pakke, 

*** Mørketid-prisen ***
Foto: Cronelinem (frå Instagram)
Cronelinem får Mørketid-prisen for "Nøkken". Denne barnevotten lyser verkeleg opp i vintermørkret! 

Det gule gliset fortel vel at det er dårleg med tannkrem i tjernet, eller har kanskje Nøkken fått låne gulltennene til Leo Ajkic?

Her fortel Cronelinem litt meir om vottane: 

Passer perfekt for en 1. Klassing som har mye utetid. Strikket i finull: mørkeblå bunn, mellomblå, lyseblå, grønn, fiolett og rosa. 6 farger. 
Ønsket å la Nøkken bli fargerik som naturen og eventyrene er.

Premien til Cronelinem er:
Ei garn-overrasking frå Monstermønster/Merete Jansvik Toft, som har laga "Nøkken"-designet.

*** Restegarn-prisen ***
Kråkedans får Restegarn-prisen for "Bukkene Bruse". Vottar er perfekte til restegarn, og fleire kandidatar i konkurransen vår har laga stilige vottar på denne måten. Berre sjå på fotocollagen av alle dei 37 deltakarane. Det spesielle med vottane til Kråkedans er historia bak alle restane  - og dette er både spennande og rørande å få innsikt i: 

Les korleis ho strikka inn personlege minne i barnevottane, her på prosjektsida til "Bukkene Bruse"-vottane til Kraakedans på Raverly. 


Premien til Kråkedans er:
Ei garn-overrasking frå Silkesauen/Frida 


*** Fargefryd-prisen ***
Foto: Quiltebirte
Quiltebirte får Fargefryd-prisen for heile vottesamlinga si! Ho skrudde skikkeleg på sjarmen med dette fotoet, og vi i Vottelauget fall pladask. Her ser vi tre ulike par Tornerose-vottar, Blåbærskogen med alle slags bær, Eventyrblomster med ny vri på mansjetten - og kronen på verket: 
Votten ho kallar "Mysteriereveenkablåbær". 


Her er hennar eigne ord:

Mysteriereveenkablåbærne er veldig inspirert av primstavmerkinga dere skriver om på vottebloggen. Bjørnen går i hi, spiser blåbær og må ha en fin stjernesol i sitt mørke hi ... Har brukt grå Kauni (...) på rester av finull pt2 og kauni.... Fra lageret mitt som bare vokser...... Skal definitivt strikke meg gjennom hele Eventyrvotteboka!!! 

Vel, Quiltebirte, vi kunne ikkje oversjå den fargerike innsatsen din!  

Her er prosjektsida til éitt av vottepara til Quiltebirte: "Blåbærskogen med tyttebær og multer" (under namnet MorMonsensMix) på Raverly.


Premien til Quiltebirte er:
Ei garn-overrasking frå torirot/Tori Seierstad. 

Puh! Dermed set vi eit endeleg punktum for denne konkurransen, også med eit visst stikk i hjartet: For som tidlegare nemnd skulle vi gjerne ha gitt pris til absolutt alle deltakarane! Men Vottelauget har mange fleire idear på lur, så nye utfordringar ventar nok rundt neste sving i eventyrskogen!


Til dei fem som har fått pris
Vi treng postadressene for å få sendt garn-premiane, 
så ta kontakt med Vottelauget ved Frida: 
frida.fielding(krøllalfa)yahoo.com









7 kommentarer:

  1. En ydmyk tusen tusen takk!! Veldig gøy og så hyggelig og inspirerende å se alle de flotte votttene her. Og stå på dere som har laget og satt i gang dette, tusen takk til dere:). Fortsatt god søndag. Vh Anne Birte( Quiltebirte på Instagram/ MorMonsensMix på Ravelry)

    SvarSlett
  2. Gratulerer til vinnerne! Vel fortjent!

    SvarSlett
  3. Oi, oi, oi, så GAMA! Tusen takk til domarpanelet; hehe, eg var jo redd eg skulle verte diskvalifisert fordi det knapt nok var ordentlege vottar eg hadde laga - men det ER sant at dokker også treng ein rikhaldig og varm garderobe, så takk nok ei gong! Det er ei veldig inspirerande og fin bok de har laga, og eg trur det er mange heldige utover Noregs land (og vidare!) som kan sjå fram mot fiiine, mjuke gåver under treet i år! :-)

    SvarSlett
  4. Tusen takk for skryt og pris! Jippi!

    SvarSlett
  5. Ooooææææhhhhhh, så utrolig gøy med mørketids-pris!!! Hjertelig takk ��
    Herlig å se alle tolkningene og variantene av de fine vottene dere har designet.

    SvarSlett
  6. Wow, også ble det premie og det bare for en vott a gitt! Takk for go'ord og en fantastisk samling vottemønster! Skal melde fra når paret er ferdig :-)
    Gratulerer til dere andre også, og jammen var det mange flotte votter her :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, gratulerer nok ein gong, Babben! Det var moro å lese blogg-innlegget ditt om prisen: http://babbensideverksted.blogspot.com/2014/11/singel-vott-prisen.html

      Slett