I går gjekk fristen på den uhøgtidelege vottekonkurransen vår ut, og (minst) to prisar skal delast ut: ein fantasi-pris og ein handlag-pris.
På dette samle-fotoet kan du sjå alle dei innsendte bidraga (sei ifrå om noko manglar!), og no er vi i Vottelauget i full gang med å beundre og diskutere.
Planen er å kunngjere vinnarane torsdag eller fredag. Følg med!
Åå! Så mange fantastisk flotte vottar! Veldig inspirerande :-)
SvarSlettHva er forskjellen på de to prisene?? Jeg skjønner ikke det!! :-)
SvarSlettHei Kristine, eg håpar du fekk svar på spørsmålet ditt - ved hjelp av Fivrel her? Kanskje er det uttrykket handlag/håndlag som forvirrrar? Vi meiner altså ikkje "handlagA" (for det er jo vottane uansett!), men altså handlag = godt handverk, fint strikka osv.
SlettPS: I dag (fredag 14. nov) kunngjer vi vinnaren av fantasi-prisen, og i morgon (15. nov) handlag-prisen! Dei to kategoriane kan nok gå over i kvarandre også, ja.
SlettFrå eit tidlegare blogginnlegg:
SvarSlett"Fantasi-prisen er ei oppfordring til å dikte vidare, og å lage din heilt personlege vri på vottane, men altså med utgangspunkt i mønstera i e-boka vår.
Handlag-prisen er ei feiring av sjølve handverket, og her kan du gjerne bruke originaloppskriftene i e-boka, akkurat slik som dei står. Men også her kan du velje fargar og mønster-kombinasjonar etter eige ynske. "
Hjarteleg takk for at du kom oss til unnsetning, Fivrel - og forklarte for Kristine. Vi rekk ikkje alltid å følgje med på kommentarane som kjem. Helsing Frida & Vottelauget
SlettWow! :) Så masse flotte votter! :)
SvarSlettNydelige! :)
Blir spennende å se hvem som vinner, glad jeg ikke skal bestemme det for det blir nok vanskelig :)