onsdag 12. november 2014

Vott, vott på veggen der ...

Vott, vott på veggen der ... kven er vakrast i landet her? Akkurat no seier vi i Vottelauget: Alle! Sjå berre på dette herlege veggteppet med heimestrikka vottar! 

I går gjekk fristen på den uhøgtidelege vottekonkurransen vår ut, og (minst) to prisar skal delast ut: ein fantasi-pris og ein handlag-pris. 

På dette samle-fotoet kan du sjå alle dei innsendte bidraga (sei ifrå om noko manglar!), og no er vi i Vottelauget i full gang med å beundre og diskutere. 
Planen er å kunngjere vinnarane torsdag eller fredag. Følg med!


7 kommentarer:

  1. Åå! Så mange fantastisk flotte vottar! Veldig inspirerande :-)

    SvarSlett
  2. Hva er forskjellen på de to prisene?? Jeg skjønner ikke det!! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Kristine, eg håpar du fekk svar på spørsmålet ditt - ved hjelp av Fivrel her? Kanskje er det uttrykket handlag/håndlag som forvirrrar? Vi meiner altså ikkje "handlagA" (for det er jo vottane uansett!), men altså handlag = godt handverk, fint strikka osv.

      Slett
    2. PS: I dag (fredag 14. nov) kunngjer vi vinnaren av fantasi-prisen, og i morgon (15. nov) handlag-prisen! Dei to kategoriane kan nok gå over i kvarandre også, ja.

      Slett
  3. Frå eit tidlegare blogginnlegg:

    "Fantasi-prisen er ei oppfordring til å dikte vidare, og å lage din heilt personlege vri på vottane, men altså med utgangspunkt i mønstera i e-boka vår.

    Handlag-prisen er ei feiring av sjølve handverket, og her kan du gjerne bruke originaloppskriftene i e-boka, akkurat slik som dei står. Men også her kan du velje fargar og mønster-kombinasjonar etter eige ynske. "

    SvarSlett
    Svar
    1. Hjarteleg takk for at du kom oss til unnsetning, Fivrel - og forklarte for Kristine. Vi rekk ikkje alltid å følgje med på kommentarane som kjem. Helsing Frida & Vottelauget

      Slett
  4. Wow! :) Så masse flotte votter! :)
    Nydelige! :)
    Blir spennende å se hvem som vinner, glad jeg ikke skal bestemme det for det blir nok vanskelig :)

    SvarSlett