onsdag 22. april 2015

Ekstraprisar i påskevott-strikken!

Copyright, foto: Lone Arnsted
Eventyrblomster var strikkekjærlighet ved første blikk. Og blomster fra et eventyr er ganske fargerike i mitt hode... Takk for inspirasjon - dette er gøy!!! 

Dette skreiv Lone Arnsted undervegs i påskevottstrikk-konkurransen vår (på Facebook) - og gratulerer
Lone!  Takka vere ditt fargesterke bidrag, med heile åtte ulike nyansar i Finull, har vi i Vottelauget bestemt oss for at du får ein av dei fem ekstraprisane våre: nemleg Fargefrydprisen!

På bloggen til Lone kan du under "Got My Mittens out" lese meir om korleis desse eventyrlege vottane vart laga, og ikkje minst - trikset med å spyttspleise garnendar! Her kan du også nyte fleire foto, pluss lenke til prosjektet på Raverly.

Copyright, foto: Marit/elle-melle
Restegarnprisen: Ei anna som har boltra seg med garn og fargar er Marit. Ho kledde Soria Moria-vottane i ein vakker påskepalett med gult, grønt og lilla - under tittelen "Soria Moria again". 

Marit har nemleg strikka dette mønsteret frå e-bok 1 heile fire gonger! Og alltid med eit suverent blikk for stilige fargekombinasjonar. Sjå berre her på bloggen hennar, elle-melle.
Gratulerer med Restegarnprisen, Marit! 
Copyright, foto: Marit/elle-melle
Men strikketempoet til Sølvi Ekholdt Helgesen denne påska tok heilt pusten frå oss i Vottelauget: Ho strikka nemleg heile åtte par eventyrvottar i konkurransen vår! Og vi oppretta dermed sporenstreks Produktiv påske-prisen: 
Copyright, foto: Sølvi Ekholdt Helgesen
Det viser seg at det også ligg eit alvor bak moroa med å strikke vottar i påska. Her Sølvis eigne ord (på oppfordring frå oss) om grunnen til at ho er så produktiv med strikkepinnane:

Påsken 2012 så jeg et bilde av 5-6 hjemmestrikkede luer som skulle sendes til fattige i Ukraina her på FB Tenkte at dette var noe jeg ville være med på og kontaktet personen som hadde lagt ut bilde og dermed begynte snøballen å rulle...luer ,sokker votter ,skjerf +++ble strikket og det har jeg fortsatt med . Mine bidrag går til Stiftelsen KPK Ukraina som driver humanitært arbeid i Uzhgorod by og distriktet rundt ( vest Ukraina )
Gjennom stiftelsen har jeg fjernadobtert 3 av 7 søsken (sigøynerbarn).Ingen kan hjelpe alle men alle kan hjelpe litt. 21.mai reiser jeg for 3. gang til Ukraina heart emoticon heart emoticon
Hvis noen har interesse av å vite mer kan dere gå inne her http://www.kpk-ukraina.com/


Sølvi, Marit og Lone kan vente seg ei garnoverrasking frå Vottelauget i posten, så snart vi har fått adressene. Hurra til alle tre!

Men påskeegget er enno ikkje ferdig tømt! Vi avsluttar med  Påskeflaks-prisane: Mellom alle som har deltatt med bidrag i denne uhøgtidelege konkurransen, har vi hatt loddtrekning, og funne desse to vinnarane:
Copyright, foto: Ullugla

Ullugla, med bidraget "Nøkken - påskeutgaven" (lenke til Raverly) strikka i gult Finullgarn og sauesvart Norsk kunstvevgarn. Ein knallstilig vri på Nøkken-mønsteret frå e-bok 1 ! Er det påskeegg frå høner eller nøkkar som skjuler seg på handflatene, skal tru ...?


Hoppsideisi med bidraget Blåbærvotter på påsketur (lenke til Raverly). Slik elskar vi å sjå vottemønstera våre: Nemleg i bruk, både høgt og lågt, på fjellet (og i byen)! 

Gratulerer til både Ullugla og Hoppsideisi! Begge kan velje seg eitt strikkemønster på Raverly  (utanom e-bøkene), som er laga av ein av desse i Vottelauget: Torirot/Tori Seierstad, Pinneguri/Ann Myhre eller Knitnetty/Wenche Roald. Berre ta kontakt direkte via Raverly og sei kva for mønster du ynskjer deg som gåve frå vedkomande. 


Og til slutt: Hjarteleg takk og applaus til alle som deltok i påskevott-strikken! 
Har nokon spørsmål eller anna: bruk e-postadressa til Frida i Vottelauget: frida.fielding(krøllalfa)yahoo.com






tirsdag 21. april 2015

Vinnar 1 og 2 i påskevott-strikken!

Juryen i Vottelauget har no gått gjennom dei to typiske fasane for kvar gong vi arrangerer ein konkurranse: Først jubel og glede over alle dei fine og fantasifulle bidraga som kjem inn. Deretter lett fortviling fordi det i grunnen er umuleg å velje kva for vottar som kan kallast dei "beste" ...

Men vi innser at dette er eit luksusproblem, og no har vi altså endeleg bestemt oss for vinnar 1 og 2 i påskevott-strikken. Samtidig kan vi røpe at vi i morgon (onsdag) dryssar ut heile fem ekstraprisar her på fellesbloggen!


Kategori 1: Beste påskevott: 
Hurra for Sidsel Flock Bachmann og hennar "Hareflokken"-votter! 
Copyright på foto: Sidsel Bachmann (collage: Vottelauget)

Sidsel har tatt utgangspunkt i barnevottane "Haren og reven" frå e-bok nr 1, men her har altså (påske)harane jaga vekk revane, og dei fine fargeskifta i botnfargen er inspirerte av mønsteret "Bukkene Bruse" frå same e-bok. Legg også merke til den fleirfarga mansjetten (corrugated rib) som Sidsel valde istadenfor ein tradisjonell vrangbord. 


Her er Sidsels eigne ord om vottane på Raverly:
Hareflokken er endelig samlet igjen - nå er det bar asfalt, tøysko og vårfri som gjelder for arbeidssomme påskeharer. Den store egge-utdelingen i påsken er unnagjort for i år…
Tommelharen er det den ene datteren som har tegnet :)
Gult og orange er rester i Finull. Naturfagen er dobbel tynn Nøstebarn-ull. Sort (øye) er Finull og rosa (snute og inni øret) er Rauma Lammeull.

Kategori 2: Beste påsketur-vottefoto: 
Hurra til Tone Hognestad/trolltone
og hennar påskegule Blåbærskogen 
Copyright på foto: Tone Hognestad
Tone laga ein collage fylt av god påske- og vårstemning, der vi også får beundre dei fine vottane frå alle sider. Mønsteret "Blåbærskogen" er også frå e-bok 1,  men Tone har altså boltra seg med ein heilt annan bærfarge enn i originalen. Tone skreiv dette på Facebook (6. april): 

Påskevottene er ferdige! Mottakeren ble som dere ser fornøyd. 
Nå er vottene på vei med toget til Trondheim sammen med studenten.

Vi gratulerer både Sidsel og Tone! Premien til kvar av dei to er ein spesialsydd prosjektpose av Tori/Torirot i Vottelauget, med hemmelege saker oppi. 
Tori sender premieposane til Sidsel og Tone når ho har fått adressene. Her er Tori i vårsola,  med den ferskt monterte "Regnbuekofta", der mønsteret er henta frå Eventyrblomster-vottane hennar frå e-bok 1.


Og hugs: 
I morgon kunngjer vi altså dei fem ekstra-prisane her på bloggen! 

onsdag 15. april 2015

Vårfryd for påskevott-juryen

Påska er over, primstaven er snudd -  og vi har fått ein fargesprakande bukett i fanget i påskevottstrikk-konkurransen vår! 
1:9 PÅSKEBÆR (Blåbærskogen) og PÅSKELAUV (Eventyrlauv)

2:9 DYRISK PÅSKE (Bukkene Bruse - Grantreet (med harar), Geitekillingen, Nøkken 
- og Reveenka/Haren og reven)
3:9 PÅSKEBLOMSTER og PÅSKELADDAR
 (Eventyrblomster og Askeladden)
4:9 HEKSAS PÅSKEGODT (Heksas godterivotter)
5:9 SORIA MORIA og TORNEROSE 
6:9 (oppdatering): Nøkken og Bærvotter på påsketur
7:9 (oppdatering) Alvas Eventyrblomster
8:9: SØLVIS PRODUKTIVE PÅSKE: Åtte ulike vottepar!
9:9 (oppdatering) ... og Ulluglas Påskenøkken (Nøkken)
Fristen for deltaking gjekk ut i går, på den første sommardagen (14. april) - og vi i Vottelauget prøver no å få ei oversikt gjennom desse fem ulike "vottevegg-tavlene". Saknar du dine vottar her - sei ifrå!  (Copyright til foto: deltakarane)

Fram mot helga skal vi gå igjennom heile bunken, før vi kårar vinnarane. Vi har annonsert to premiar, for 1) beste påskevott og 2) for beste påskevott-foto ... men det kan godt hende at vi bestemmer oss å dele ut minst éi ekstra overrasking, sidan deltakinga har vore så stor! 

Torirot har laga desse to vårlege strikkeposane, som er fylte med overraskingar til kvar av dei to hovudvinnarane. Så berre følg med her på vottebloggen dei neste dagane!

torsdag 19. mars 2015

#påskevottestrikk


Dette er premiene, to små prosjektbager, passende til vottestrikk, der innholdet er en overraskelse. 
Alt du trenger å vite for å delta finner du på i forrige innlegg.
Delta gjerne på Facebook også, #påskevottestrikk.




søndag 15. mars 2015

Invitasjon til påskevott-strikk!

Har du planane klare for påska? Blir det topptur, urban jungel eller kanskje lange dagar inne?

Uansett kvar du er, håpar vi at du tar med deg pinnar og litt garn, og blir med på vår uhøgtidelege påskestrikk-konkurranse! 

Det einaste vilkåret er at vottane dine må ha éi eller fleire av oppskriftene i dei to Eventyrskog-e-bøkene våre som utgangspunkt. 

I tillegg kan fargar og stil gjerne vere inspirert av påskehøgtida. Ikkje ver redd for å lage din eigen, personlege vri på mønstera våre! Knallgule vottar er sjølvsagt hjarteleg velkomne, men kanskje er heller påska grøn for deg? Eller ein heilt annan farge?   

Fristen for innsending av foto til sjølve konkurransen er 14. april, 
altså rett etter påske. Vi deler ut to ulike premiar: 

1) Premie for beste påskevott 2) Premie for beste foto under tittelen "Vott på påsketur". I kategori 2. kan du også gjerne vise fram Eventyrskog-vottar som allereie er strikka, så lenge dei er med på påsketuren din. Kva dei to premiane er, blir ei overrasking!

Kva gjer du for å delta med vottane dine i konkurransen?  Jau, du må leggje inn ein kommentar her, under dette innlegget, med (kalle)namn og informasjon om kvar vi finn fotoet ditt med ferdigstrikka vottar: 

Du kan f. eks leggje inn ei lenke til din eigen blogg, Raverly, Facebook eller Instagram. Vil du heller sende inn fotoet direkte på e-post til oss, kan du skrive dette i kommentaren din, og sende fotoet til Frida i Vottelauget, dvs frida.fielding(alfakrøll)yahoo.com

PS: Undervegs i strikkinga kan du gjerne vise fram foto i Facebook-gruppa til Tori i Vottelauget, altså på torirot design. Men for å formelt vere med i sjølve konkurransen, må du altså i tillegg leggje inn ein kommentar under dette innlegget.


God vottestrikk-påske!



  

mandag 16. februar 2015

Bukkene Bruse på vei til seters, nei, på kafe!


Bukkene Bruse på strikkekafe!




Torsdag 19. februar arrangeres igjen strikkekafe 
på Lillehammers fineste chocolaterie, 
Atelier Kakao i gågata. 


Vi starter kl 17, og holder på utover så lenge det er folk 
(innen rimelighetens grenser). 
Det blir trekning av den første votteboka, 
med en garnpakke til Bukkene Bruse-vottene. 


Hjertelig velkommen! 

lørdag 14. februar 2015

Hjarteleg til lukke!

Vi gratulerer Inghild og Innestemmen som vart Valentin-vinnarane våre! Dei to får kvar si e-bok. Ta kontakt med oss, så kjem pakken rett i e-postboksen din.  

Eigentleg hadde vi berre tenkt å lodde ut éi e-bok, men sidan responsen var så stor,  og dette er dagen for å dele - utvida vi gåvebordet.  

Samtidig er vi glade over å kunne lansere den engelske utgåva av e-bok nr 2 akkurat i dag: "More mittens from the fairy forest". Dette betyr at alle som kjøper (og har kjøpt) ei e-bok av oss automatisk får både den engelske og den norske utgåva. 

Kanskje ein gåve-idé til nokon du kjenner som bur langt borte frå den norske eventyrskogen - og/eller likar betre å strikke på engelsk?

Varm helsing oss alle åtte i Vottelauget <3

PS: Inghild (nr 5 på lista) og Innestemmen kan ta kontakt på frida.fielding(krøllalfa)yahoo.com. Er du på Raverly, kan du få e-boka rett i biblioteket ditt der. Men vanleg e-post går også fint. Oppdatert: Begge vinnarane har fått premien tilsendt no!