fredag 14. november 2014

Vinnaren av fantasi-prisen er ...

Foto: Veronica A. 
Lillenøkken  av Veronica A.! Gratulerer! 

Forteljinga om den frustrerte Lillenøkken kom inn til oss i juryen seint på kvelden 11. november, altså like før fristen gjekk ut, og framkalla mykje latter og applaus. Her er Veronicas eigne ord om barnevottane ho strikka til Storesøster:

Lillenøkken har en dårlig dag. Alle kan se hvorfor. Det går jo ikke an å ha troverdighet som skummelt, mystisk uhyre når man er iført genser og lue. Men, mammanøkken er sjefen og hun insisterer på ull nå når det har lagt seg is på tjernet. Grmf!
Foto: Veronica A.

Les heile historia om desse stilige vottane, og sjå fleire foto på bloggen til Veronica, Fokus på strikk/Solkyststrikk. Veronica leverte faktisk også to andre bidrag til konkurransen, desse kan de sjå hos henne under namnet "Solky" på Raverly. 

Premien til Veronica er: 
Ein garnpakke frå Sjølingstad Uldvarefabrik - og det heilt ferske mønsteret "Eventyrlua" av torirot/Tori Seierstad. Designet hennar er bygd på vottane "Eventyrblomster" frå e-boka vår. Hurra! 



I morgon (laurdag) kunngjer vi vinnaren av handlag-prisen. Og: allereie no kan vi røpe at det blir endå fleire prisar enn først planlagt i denne eventyrlege vottekonkurransen! Vi i Vottelauget vart så sjarmerte og imponerte av alle dei 37 kandidatane at fleire pris-kategoriar måtte til, utan tvil! Desse ekstra-prisane presenterer vi søndag, så følg med vidare!

Originalen som Veronica vart inspirert av,
er "Nøkken" av Monstermønster/Merete Jansvik Toft
(foto/copyright)

Og helst ville vi også ha hatt alle desse konkurrerande vottane i fanget, slik at vi kunne klappe på dei, sjekke passformen og teste dei skikkeleg i bruk. 

Ja, tatt dei med til eit tjern i eventyrskogen eller på ein lang skitur - eller på ball i kongens slott! 

Men alt dette får bli ein annan gong ...  i eit anna eventyr.







5 kommentarer:

  1. Tusen takk! Det var moro! Sjølingstadgarnet er nytt for meg, gleder meg til å prøve det. Tusen takk for mønster også - stas!

    SvarSlett
    Svar
    1. Gratulerer, Veronica! Eventyrlua er på vei til deg i full fart via Ravelry!

      Slett
  2. Gratulerer Veronica! Fantastisk historie!

    SvarSlett
  3. Jeg skjønte med en gang jeg så vottene til Veronica at de måtte vinne - gratulerer Veronica :)

    SvarSlett
  4. Til lukke med velfortent pris, Veronica, desse var skikkeleg artige! Det er så moro å sjå all kreativiteten der ute i strikkeverda :-)

    SvarSlett