I dag har vi publisert den nye e-boka vår, og som ei lita gåve frå eventyrskogen sel vi kvart eksemplar med 10 kroner i rabatt, altså for kr 75 heilt fram til nyttår. Frå 1. januar går prisen opp og blir kr 85.
Fleire av vottane er inspirerte av julas eventyr og fargar. Denne gongen får du også eit luemønster med på kjøpet, i tillegg til eit nyskrive essay om vottar og vottehistorie, signert Tori.
Det nyttige "Vott, strikk deg!"- kapittelet hennar frå e-bok nr 1 er også inkludert, med mange tekniske og praktiske tips om vottestrikk. E-boka er på i alt 51 sider.
Ein skogfe? Judith i Vottelauget har teststrikka både vottar og hue av mønsteret "Skogfeens hage" av Tori. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar