onsdag 1. april 2026

April: Dropp toppen på votten!


Dette er ingen aprilspøk! No når vi går mot varmare tider, synest vi det blir ei passande månadsutfordring å droppe toppen på votten: 

Dermed ynskjer vi deg velkomen til å forvandle ei av votteoppskriftene våre til ein halvvott, halvvante eller pulsvarmar. Her får du litt inspirasjon før du går i gang med pinnar og garn:

På fotoet over ser du kva eg (Møyfrid i Vottelauget) har leika meg med tidlegare:

Halvvottane eg har på er i utgangspunktet dei nydelege vottane "Tusenfryd" av Wenche Roald, frå e-boka vår "Tusen og én skatt". Korleis eg laga denne vårlege og topplause versjonen kan du lese om her på prosjekt-sida mi på Raverly: 

Tusenfryd som halvvott (lenke)

Endå raskare går det om du droppar tommel-jobben, og lagar heilt enkle pulsvarmarar. Dette kan også vere ein fin måte å teste ut fargekombinasjonar for eit større prosjekt (f eks ei jakke eller genser), i staden for ein kjedeleg prøvelapp. På fotoet over held eg to versjonar av handflate-mønsteret frå mi eiga oppskrift "Gullfuglen" frå papirboka vår "Eventyrvotter" på Aschehoug forlag. Eg døypte desse Gull-puls 1 og 2, og her kan du lese korleis eg laga desse:

Gull-puls 1 (strikka i Jamieson & Smith 2ply Jumper Weight) 

Gull-puls 2 (strikka i Rauma Finull) 

Ja, kjært barn har mange namn, så kanskje har du andre namn på ein "topplaus" vott? Ein torgvante kanskje? Og finst det andre uttrykk avhengig av kvar du bur? På engelsk blir ofte ordet "mitts" brukt når verken tommelen eller fingrane er dekte, og "wrist warmer" eller "cuff" (alias mansjett) når tommelen ikkje har ein eigen plass.

Foto og design: Anne Schøyen 
Ei kjekk og einsfarga basis-oppskrift finn du gratis på bloggen til Anne alias Annepålandet i Vottelauget – som ho kallar "Annepålandets Mitts" (lenke). Her kan du med liv og lyst fylle inn med fleire fargar og mønsterrapportar! 

Og: Det er sjølvsagt også muleg å strikke ein av våre ferdige oppskrifter på halvvottar/halvvantar. Det er ikkje så mange, men her er til dømes "Soldag" av Wenche Roald (lenke til oppskrifta på Raverly) frå e-boka vår "Sareptas krukke":

Foto og design: Wenche Roald
Vi gler oss til å sjå kva de tryllar fram! Du er som vanleg velkomen til å vise fram foto i Facebook-gruppa vår "Vottelauget og eventyrvottene" – og/eller på Instagram med emneknaggen

#vottelaugvottapril26


tirsdag 24. mars 2026

Votte-utfordringer anno 2026


Vi i Vottelauget liker å utfordre deg som er glad i å strikke oppskriftene våre. Her er månedens utfordringer i 2026 så langt:

JANUAR: ENSLIG eller HULLETE
Du har kanskje også en enslig vott, men mangler den andre? Strikk en som passer til.

Og finner du samtidig en vante med hull, stopp den gjerne.
Har du ingen av delene, så strikk et av våre vottemønster i vinterens farger.


FEBRUAR: TUSEN OG EN SKATT
For ti år siden publiserte vi eboka Tusen og en skatt. Vi syns fortsatt det er en fin samling vottemønstre, og oppfordrer til å strikke fra den nå i februar. Eboka er senere blitt supplert med sokkene Mosaikk, Vottelaugets eneste sokkemønster. Matchende votter og sokker, kanskje? Uansett gleder vi oss til å se hva dere strikker i årets korteste måned!

Her er lenke til e-boka Tusen og en skatt på Raverly.

#vottelaugvottfebruar2026

MARS: GULT ER GULT!
Ta fram de gule garnrestene og lek med et av våre vottelaugmønster. La det bli et par påskevotter!

#vottelaugvottmars26

Du kan poste foto av vottene dine i Facebook-gruppa "Vottelauget og eventyrvottene" og/eller på Instagram.

Fotoet: Vottene "Bling! Bling" fra e-boka Tusen og en skatt. Vottene er designet av Merete Jansvik alias Monstermønster, og strikket med egen vri på mansjetten av Tori Seierstad alias Torirot – begge fra Vottelauget.


søndag 23. november 2025

Julemysteriet er i gang! #julevotten2025


(Information in English: please see below)

Velkommen til samstrikk av årets julemysterie-votter! I år, som i mange år før, samles vi for å strikke et hemmelig par votter sammen – og vi avslører én del av mønsteret av gangen.

Årets design er laget av Wenche Roald i Vottelauget, og det er fullt av nordisk sjarm, koselige detaljer og et snev av overraskelse.

Oppskriften er til salgs på Raverly, og her er lenken.

I Facebook-gruppen vår kan du etter hvert følge fremskrittene til de andre som er med i samstrikken, og kanskje har du også lyst å delta? Vottelauget og eventyrvottene (lenke)

Emneknaggen du kan bruke på Instagram er #julevotten2025 

Datoer:
Mysteriet er i ti deler som slippes 23., 25. og 28. november, 
og videre 1., 4., 6., 8., 11., 14. og 17. desember.

IN ENGLISH:
Welcome to this year’s Christmas Mystery Mittens!
Each December, Vottelauget (The Mitten Guild) invites you to knit a secret pair of mittens — revealing a one part/clue of the pattern at a time. This year’s design is by Wenche Roald, and it’s full of Nordic charm, cozy details, and a touch of surprise.
Get your yarns ready and enjoy the magic of mystery knitting through Advent!

Dates:
There are 10 clues and they will be released on November 23th, 25th and 28th and December 1th, 4th., 6th, 8th, 11th, 14th and 17th.

Where to find fellow knitters for the mystery:
You can join the chat in the group “I make mittens” (link) 
on Ravelry and in the (mostly Norwegian) Facebook group Vottelauget og eventyrvottene.




lørdag 13. september 2025

Sørlandssommer– et vottemysterium

Torirots oppskrift finner du – steg for steg i september – her på Raverly:

https://www.ravelry.com/patterns/library/srlandssommer---et-vottemysterium


lørdag 22. mars 2025

Vottelaugets jubileumsvott som påskemysterium

 


Vi fortsetter å feire tiårsjubileet for boka Eventyrvotter: I år blir det påskevottmysterium!

Vottelaugets jubileumsvott kommer i 10 deler, første del kommer 1. april (men er ingen aprilsnarr), og siste del kommer påskeaften. 

For å bli med er det bare å kjøpe mønsteret, så går resten av seg selv, de ti nøklene havner hos deg én etter én. I gruppa vår på Facebook, og i I make mittens-gruppa på Ravelry kan du vise fram bilder og spørre om det du måtte lure på.  


Vi gleder oss! Bli med du og, da vel!




lørdag 1. mars 2025

10-årsjubileum med ny e-bok



For 10 år sidan kunne vi i Vottelauget stolt sjå at boka vår Eventyrvotter vart utgitt på sjølvaste Aschehoug forlag (2015). Vi feirar dette jubileet med e-boka "Seks votteskatter fra eventyrskogen"  – fylt med dei seks siste votteoppskriftene som tidlegare ikkje fanst digitalt.

English: This new e-book with the six last patterns from the Norwegian hard cover book Eventyrvotter is also translated into English, called "Six mitten treasures from the fairy forest". Both languages are included in the same e-book.

Namna på dei seks votteskattane
Her kjem både Gullfuglen og Nattergalen flygande, saman med Nordstjerna, Skogens kongle, Snøhvit – og babyvotten Tommelise:

Både Nattergalen og Tommelise er inspirerte av kunsteventyra signert den danske magikaren H.C. Andersen, medan Gullfuglen er frå eit norsk eventyr, som også har liknande variantar verda rundt. Nordstjerna og Skogens kongle har henta namna sine frå naturen sjølv, med fine og repeterande mønster. Som kontrast til fleirfarga mønsterstrikk har vi den einsfarga votten Snøhvit, med vakker struktur. Og med babyvotten Tommelise trengst det berre nokre få gram mjukt garn – og ei herleg pause frå tommelstrikk! – for å lage ei gåve til ein liten venn. 

Desse seks oppskriftene er som i papirboka Eventyrvotter (2015), i tilfelle du allereie har den. Men nokre av dei er også oppdaterte med tips om nye garntypar som ikkje fanst den gongen – og  alle oppskriftene er for første gong altså også omsette til engelsk. Både norsk og engelsk versjon finst parallelt i den same e-boka.

Oppfordringa for månaden mars: Strikke vottar frå denne e-boka
Vil du bli med på feiringa? Vi er klare til ein fargefest med desse seks votteskattane! E-boka er no publisert på Raverly (lenke).  Og oppfordringa i Facebook-gruppa vår for mars 2025 er å strikke ein (eller fleire!) vottar frå denne e-boka. Har du allereie strikka nokre av desse frå før, ja kanskje heilt tilbake i 2015, hent dei gjerne fram i fotolyset igjen – vi elskar å beundre godt brukte og eventyrlege vottar!



søndag 1. desember 2024

Strikk Julevotten 2024 med Vottelauget

 Også i år strikker vi julevotten sammen, vi starter i dag, 1. desember.  

Julemysterievotten er i 11 deler og publiseres følgende datoer: 1. 3. 5. 7. 8. 10. 12. 14. 15. 17. og 19. desember. Du finner mønsteret på Ravelry.

Vottene er strikka i to farger, en bunnfarge (BF) og en mønsterfarge (MF). Du trenger små rester i kontrastfarger til å brodere med til slutt. Vottene kan også være uten broderi.
Garnforslag: Et 2-tråds ullgarn. Du vil trenge ca. 50 gram i bunnfargen og 30 gram i mønsterfargen.
Fargeforslag: Velg farger du liker. Vi har teststrikka med grønn bunnfarge og brun mønsterfarge, og rødt og gult i forskjellige nyanser som kontrastfarger. 

Samstrikken skjer i gruppa “I make mittens” på Ravelry, og i Facebook-gruppa til Vottelauget: Vottelauget og eventyrvottene
Emneknaggen på Instagram er #julevotten2024 - bruk i tillegg gjerne #vottelauget


fredag 1. desember 2023

Desember: Strikk #julevotten2023

 


No er vi i gang med Julevotten 2023 (lenke til oppskrifta på Raverly) designa av Vottelaug-medlem Torirot. Inntekta frå førehandssalet vart 1. desember sendt til Redd Barna, Røde Kors og Leger uten grenser, til saman 10950 kroner. 

Men kva er Julevotten  2023? Vi siterer Torirot:

Årets julemysterievott er en hyggelig, vinterlig vott, som i utgangspunktet strikkes i to farger, en mørk bunnfarge (ca 40 g) og en lys mønsterfarge (ca 20 g), gjerne hvit eller gul. Om du ønsker kan du velge en tredje farge på mansjetten. Og om du vil kan du så klart velge helt annerledes enn det som foreslås her!

Det er 13 deler, første del kommer 1. desember, og så kommer det nye deler cirka fire ganger i uka, med siste del 22. desember.

Samstrikken foregår på Ravelry, i gruppa “I make mittens” og i Facebook-gruppa til Vottelauget: Vottelauget og eventyrvottene

Emneknaggen på Instagram er #julevotten2023 - bruk i tillegg gjerne #vottelauget og #torirotdesign

søndag 12. november 2023

November: Strikk julegåver i ro og mak

 

I Vottelaugets «kalender» for 2023 er oppfordringa i november å strikke julegåver i ro og mak!
Skal du dele på SoMe med knaggen #vottelaugvottnovember23 er det Vottelaugets oppskrifter som gjeld, men elles kan du jo strikke akkurat det du har lyst - og tid til! 

søndag 1. oktober 2023

Oktober: Svart, kvitt og grått!


Strikke-oppfordringa for oktober er svarte og kvite vottar - og/eller i ulike «shades of grey»! Vi i Vottelauget har ofte invitert til fargefest, men no gjer vi altså ein ny vri. Dermed har du sjansen til å sjå med nytt blikk på oppskriftene våre - og kanskje har du allereie restegarn som ventar på deg?

Om du strikkar slike vottar, del dei gjerne (... også undervegs i prosessen) i Facebook-gruppa vår og/eller på Instagram med knaggen:

🐈‍⬛ #vottelaugvottoktober23

søndag 1. januar 2023

Strikk votter med Vottelauget i 2023!

Bli med på 12 måneder med vottestrikk med Vottelauget i 2023! Vi velger et tema for hver måned og inviterer til å strikke ett eller flere vottepar av våre votter med månedens tema.

Tema for januar er restegarn - det passer vel godt i januar. Og det passer godt til mange av Vottelaugets oppskrifter. Prinsessen på erten (fra Sareptas krukke) er ett eksempel. 

Bruk gjerne emneknaggen 
#Vottelaugvottjanuar23 

Første uka i januar får dere 23% rabatt på alle ebøkene våre, så benytt sjansen om det er et mønster dere ønsker dere. (Ingen rabattkode, rabatten trekkes automatisk fra).
Ebøkene fins på Ravelry: 

lørdag 26. november 2022

Strikk Julevotten 2022 med oss!

Første søndag i advent starter mysteriesamstrikken av julevotten 2022. Oppskriften er på norsk og engelsk. The pattern is in english and norwegian.

Vottemysteriet er i tolv deler og kan strikkes til dame eller mann. Siste del kommer 18. desember, så du skal rekke å bli ferdig i god tid før jul. Du finner mønsteret på Ravelry.   

Del gjerne bilder underveis på Instagram eller i Facebookgruppa vår: Vottelauget og eventyrvottene. Vi har også en egen tråd i Ravelrygruppa I make mittens. Der foregår samstrikken på engelsk. 

Bruk taggene: #julevotten2022 #mittenguildMKAL22  

Du vil trenge ullgarn i to eller tre farger: Garnforslag damevott: Et 2-tråds ullgarn, f.eks Finull fra Rauma Garn (175 m/50 gram), Ask fra Hillesvåg (315 m/100 gram) eller 2-tråds Sjølingstadgarn (350 m/100 gram). Du trenger ca. 50 gram i bunnfargen og 30 gram i mønsterfargene.

Garnforslag herrevott: 3-tråds Strikkegarn fra Rauma (108m/50 gram) eller 3-tråds Sjølingstadgarn (230 m/100 gram). Du vil trenge ca. 60 gram i bunnfargen og 40 gram i mønsterfargene i foreslått garn.

Du kan godt velge utypiske julefarger. Her er noen fargeforslag:

Hvis du trenger litt innimellomstrikk mens du venter på neste del i mysteriesamstrikken, strikk gjerne julegaver fra ebøkene våre. Femte og nest siste mønster i eboka Si det med votter er Katten er mjuk, men klørne er kvasse. Kanskje et julegavetips til en katteelsker?

fredag 28. oktober 2022

Si det med votter

Eboka vår Si det med votter, er nå fylt med fire vottemønster. To mønster til kommer i løpet av året. Første vottepar var ut Alle monner drar, et supert mønster for restegarnet. 

Neste mønster var Ser ikke skogen for bare trær. Se den ekstra fine mansjetten!
 

Deretter kom Som hånd i hanske. En fingervante for de småkalde dagene. Her er en oppskrift på relativt enkle fingervanter som er fine både for strikkere som er «nye i gamet» og de som allerede er drevne fingervante-strikkere.


Foreløpig siste vottepar: Du kjenner lusa på gangen, lettstrikka votter i flere størrelser med sikk sakk og lus. Velg å strikke lusa rett eller vrang. Neste vott ut er Katten er mjuk, men klørne er kvasse. Gjetter du hva som blir motivet? Du finner e-boka her. Del gjerne bilder av vottene du strikker i Facebookgruppa vår. 



lørdag 5. februar 2022

Februar: Alle monner drar!

 

Vottelauget feirar det nye året med ny ebok! 

Vi har late oss inspirere av ordtak, og første par ut er Toris "Alle monner drar". Dette er vottar spesialdesigna for restegarn – og i heile februar kan du vere med på samstrikk. Alle som vil kan då dele foto på Instagram, med emneknaggen #allemonnerdrarifebruar

Éin heldig vinnar vil få tilsendt eit eksemplar av boka vår Eventyrvotter, som no er i ferd med å bli eit samleobjekt.

Eboka "Si det med votter" vil til slutt innehalde totalt seks votteoppskrifter, ved at éi ny oppskrift blir lagt til om lag kvar andre månad utover i 2022. Som med eboka Sareptas krukke, startar vi på ein veldig rimeleg pris, som så aukar med kvar nye oppskrift utover året. 
Eboka finn du på Ravelry: Si det med votter (lenke) 


Foto og design: Tori Seierstad alias Torirot

lørdag 15. januar 2022

Vottemånaden januar


 Januar er den store vottemånaden – også i gruppa "I make mittens" på Raverly. Vi tipsar gjerne om at både Tori alias @torirotdesign og Wenche alias @wroald i Vottelauget i heile januar tilbyr 22 % rabatt på eigenproduserte votteoppskrifter på Raverly (dvs ikkje Vottelaugets e-bøker o.l.). Koden er #NaKniMitMo2022

fredag 24. desember 2021

God strikkejul frå Vottelauget


God jul til alle strikkeglade som har følgd oss denne adventstida! Her på fotoet har den nystrikka #julevotten2021 av Tori fått selskap av #julevotten2020 og #julevotten2018 av Wenche, pluss dei julete vottane Grantreet av Møyfrid.

Hugs at om du rekk å strikke ferdig eit par av årets julevott – som no altså har fått namnet Grepa julevott – før nyttårsaftan 31. desember (dvs ny og forlenga frist) og legg ut foto på Raverly, donerer Tori 10 kr per ferdige par til Røde Kors. 

torsdag 23. desember 2021

Monster-jul

Blir du litt sprø av den søte og koselege jula? Då kan det vere godt å hente fram monstervottar, og halde verda på ein armlengdes avstand.

Vottane "Nøkken" kan strikkast for både små og store, og finst heilt ned til størrelse 2 år.

Og berre kjenn kor herleg det er å spreie prikkane (lusa) vilt omkring på kroppen til Nøkken, utan å måtte følgje eit strengt lusekofte-mønster.

I dette blogginnlegget (lenke) kan du sjå endå fleire variantar av vottane Nøkken, og lese om korleis Merete i Vottelauget skapte denne oppskrifta.



Nøkken blir også gjerne med på aketur, og toler nok det meste:


 

onsdag 22. desember 2021

Grepa julevott!

 Etter ei runde med navneforslag og avstemning på Facebook er det foreløpige navnet på årets mysterievott endra til 

Grepa julevott


Det var mange bra forslag, jeg likte blant annet god "Julebuffet" og "Klar-ferdig-JUL". I avstemminga fikk "Ventetid" flest stemmer, men  det navnet var opptatt, og designeren likte nummer to "Grepa julevott" best, så da ble det det. Mønsteret finner du på Ravelry.

På bildet ser du Judiths grepa julevotter, som skal gi varme og godt grep til helårssyklister på Sørlandet. 

tirsdag 21. desember 2021

Vintersolverv med Soria Moria vott

 

Den lengste natta i året er nettopp over, og 21. desember 2021 er den kortaste dagen, før lyset sakte med sikkert varer lenger, med start frå kl 16:59 norsk tid.

Og kanskje når vi fram til Soria Moria slott - og andre eventyrlege mål i 2022? 

Har du ein primstav vil du sjå ei utskoren sol, markert på vintersida. 

Her strålar vottane Soria Moria av Torirot mot oss, strikka av Judith i Vottelauget. 


mandag 20. desember 2021

Din egen unike vott ...

 ... står det i introduksjonen til årets julemysterium. Her er mine, men det er, om ikke utallige, så i hvert fall veldig mange flere muligheter. 


For venstre vott var det to alternativer for første mønster (hjerte og stjerne), og to på toppen (selburose og (jule)tre). Det blir fire mulige kombinasjoner. Så kom det ei snøstjerne sammen med tommelen, og da ble det to muligheter til, altså seks. 

For høyre vott var det blomst og engel som første mønster. Som andre mønster kompasstjerne og klokke, og da har vi fire muligheter der. Sammen med tommelen kom det så ei ny selburose, og da har vi seks der også. 


Med fredagsoverraskelsen kom julebukken - som kan brukes både på høyre og venstre vott, da blir det tre nye muligheter, altså 9 på høyre og 9 på venstre. Nissen i lørdagsoverraskelsen kan også brukes på både høyre og venstre vott, da blir det tolv mulige kombinasjoner på hver vott.

Når vi så skal kombinere høyre- og venstrevotter til et par, og har 12 mulige kombinasjoner for både venstre og høyre vott, da blir det 144 mulig vottepar. 

Og diagrammene for venstre og høyre vott kan jo godt byttes om, og da blir tallet enda høyere. Og vi har ikke engang begynt å telle forskjellige fargekombinasjoner.... 

Hva er sjansen for at to strikkere lager to helt like par? Det overlater jeg til noen andre å finne ut...!