fredag 24. desember 2021

God strikkejul frå Vottelauget


God jul til alle strikkeglade som har følgd oss denne adventstida! Her på fotoet har den nystrikka #julevotten2021 av Tori fått selskap av #julevotten2020 og #julevotten2018 av Wenche, pluss dei julete vottane Grantreet av Møyfrid.

Hugs at om du rekk å strikke ferdig eit par av årets julevott – som no altså har fått namnet Grepa julevott – før nyttårsaftan 31. desember (dvs ny og forlenga frist) og legg ut foto på Raverly, donerer Tori 10 kr per ferdige par til Røde Kors. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar