torsdag 2. oktober 2014

Eventyr på Sjølingstad

På strikkedagene på Sjølingstad i helga skjedde det mye spennende, blant annet presenterte Vottelauget seg med alle de sju eventyrvottene som kommer i e-boka på vottedagen 14. oktober.



"Det var ein gong ei strikkande kvinne som sat ved ei tyrirot og tenkte. Hun var så glad i lage vottar, og ville så gjerne ut i verda med vottegleda si. Då høyrde hun nokon som brekte der inne i Bloggeskogen. Det var den vesle Silkesauen, som også stod og drøymde om vottar. Dei fann ut at dei ville ta vottane i eigne hender, og freiste lukka ut i verda. Dei pakka skreppa full med ullgarn og strikkepinnar, og la i veg innover i eventyrskogen.


På vegen gjennom skogen fekk dei følgje av de tre huldrene Pinneguri, Knitnetty og Annepålandet. I skreppene hadde dei ikkje anna enn bundingane, men dei gjekk ikkje svoltne for det – skogen var full av bær dei kunne ete. Skogen var også full av blomar så vakre at dei aldri hadde sett maken, og dei gjekk seg nesten vill for alle blomane. Langt nord i skogen dukka Monstermønster opp, med sine magiske strikkepinnar. Litt etter kom dei forbi eit tjern fullt av vassliljer, der heldt Nøkken til, og ville ha dei uti, men dei seks let seg ikkje lure.
Hele Vottelauget med alle vottene
under presentasjonen på Sjølingstad (foto: Liv)

Dei la leia sørover og kom til ein svær rosehekk med dei største rosene nokon hadde sett. Dei såg ein prins kome ridande, og fann ut at det var best å la han vere i fred, så dei heldt fram med ferda. I utkanten av skogen trefte dei på tre geiter som var på veg til seters. Geitene hoppa og spratt og gledde seg veldig. Litt etter kom eit underleg følgje forbi, ein hare, ein ulv og ein bjørn gjekk mot ei lita stove attmed ei bjørk, der sto ein katt i døropninga, og i vindauget kunne dei skimte nokon, ein rev, kan hende? Dei gjekk berre vidare, og heilt sør ved havet fann dei to andre som og våga seg med på ferda, ei som kunne spinne og ei som var garnkremmar. Så var dei åtte.
Anne viser fram vottene Tornerose, mens Sylvi knipser (foto: Liv)
Skal vi kalle oss Vottelauget? spurde den eine. Og skal Verdsveven vere vårt endelause eventyr? Ja! sa dei alle åtte. Sjå der, sa den eine med eitt, og peikte opp mot lia. Det lyste og glitra som gull høgt der oppe. Det var Soria Moria slott.

Dei åtte dikta og mekka og trolla til langt på natt. Og har ikkje ulla teke slutt, ja, så strikkar dei enno!"

Og snipp, snapp, snute - så var ikke eventyret ute. Det er nå det begynner, votteeventyret med Vottelauget og de eventyrlige vottene. 


Tusen takk til Liv for lån av foto! 
Her er hennes egen blogg-rapport: Tur til Sjølingstad Uldvarefabrikk.



5 kommentarer:

  1. Slikt eit flott eventyr eller soge. Vottelauget.....Gratulerer med ein god start til dere 8, som jeg faktisk har vært litt i kontakt med før,,,,nesten alle. Dere er så produktive og dyktige. Er spent på fortsettelsen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hyggelig at du følger med oss, Berit! Det er bare å vente i spenning til 14. oktober :-)

      Slett
  2. Dere er utrolig dyktige så nå gleder jeg meg til boken kommer!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, Liv, og takk igjen for lån av bilder!

      Slett
  3. Hei

    Tusen takk for fin bok. Det blir nok mange fine eventyr under jule treet i år.
    De tre bukkene bruse blir stadigvekk fortalt av Bestefar. Aå da kan jeg bidra med votter. mvh Randi

    SvarSlett