torsdag 23. oktober 2014

Vottekveld - og nye vinnarsjansar

Pinneguri/Ann Myhre tar med seg nokre av dei eventyrlege vottane våre til Bondeheimen i Oslo, torsdag 30. oktober!
(foto: Frida Engeset)

Har du enno ikkje sikra deg e-boka vår? Og vil du heller ha leik og spenning i kvardagen, istadenfor sakleg netthandel? Då kan vi tipse om at det stadig dukkar opp nye sjansar til å vinne både e-boka, og også garnpakkar som passar til vottestrikk. Nokre trekningar er allereie historie, men vi og andre bloggarar har fleire overraskingar på lur, så berre følg med!

Torsdag 30. oktober kan du også få sjå og klappe på nokre av vottane, om du er i Oslo: Ann Myhre/Pinneguri i Vottelauget stiller opp og fortel om e-boka vår  (og har med seg gåver til utlodding) - hos Oslo fylkeshusflidslag, på Bondeheimen kl. 19.00  Les meir om dette på bloggen hos Ann: Nysgjerrig på Votteboka?

Dessutan tipsar vi om desse trekningane på nett 
(oppdatert 24. oktober):

Fredag 30. oktober er fristen på bloggen til Merete, altså Monstermønster.  Kommenterer du der, kan du vinne e-boka og garnpakke frå Sjølingstad Uldvarefabrikk!

Laurdag 1. november er fristen hos Frk Badegakk, for å vinne e-boka, om du svarar på spørsmålet hennar inne på Raverlygruppa  "A wee bit knitty".


avslutta trekningar:
Torsdag 23. oktober (i dag) har Tante Ull/Marianne trekning av e-boka på podcasten. avslutta

Fredag 24. oktober kl 18 er fristen for å vinne garnpakke til vottestrikk hos Torirot. avslutta



Har vi oversett noko? Tips oss gjerne!
"Eventyrblomster" av Torirot/Tori Seierstad




1 kommentar:

  1. Oh my goodness, I wish my knitting skills were this good!

    Helenxx

    SvarSlett